Gler seg til å skuffa denne gjengen igjen
Terminlista til Os er klar: Desse kampane ser Torkel Hjertnes mest fram til.
Bildeserie:
I midten av november blei avdelinga publisert, no er også terminlista for 4. divisjon klar. (Sjå òg: Oppsett for avd. 2)
Dei fleste laga startar serien laurdag 7. april, Os må venta til måndag 9. april. Serieopninga blir borte mot Fyllingsdalen 2. (5. plass i 4. divisjon i 2017).
Då er Karl Kvile på sin gamle heimebane, der han trente opp Noregs beste gutelag (aftenposten.no).
Første heimekamp er laurdag 14. april. Den går mot Lyngbø, som landa på 8. plass i 4. divisjon i fjor.
I Os si avdeling er dei åleine om å koma ned frå 3. divisjon. Frøya, Telavåg og Valestrand Hjellvik rykte i haust opp frå 5. divisjon.
Sistnemnde er motstandaren tidlegare Os-kaptein Torkel Hjertnes ser ekstra fram til å møta.
Med thrilleren i 2009 ferskt i minne
Laurdag 31. oktober spelte Os den siste og avgjerande kampen mot Austevoll om opprykk til 2. divisjon. Etter 2-1 borte trengte Os 2-1 heime for å gå til ekstraomgangar, eller 3-1, som gav siger.
Samtidig sto det ting på spel i 4. divisjon. Os 2 var klare for opprykk til 3. divisjon, men viss ikkje A-laget rykte opp til 2. divisjon ville Valestrand Hjellvik, klubben med den ekstra livlege supportergjengen, ta opprykket.
– Dei tynte oss godt på ferja heim etter tap i bortekampen mot Austevoll. Vi var i oppvarming då det rulla to bussar med Valestrand Hjellvik-supportarar inn på Kuventræ til siste og avgjerande kamp mot Austevoll, fortel Torkel Hjertnes.
Snudde kampen
Os starta med 1-0 av Tim Henrik Sperrevik i 4. minutt. Sperrevik provoserte bortesupportarane med løp langs tribunen etter skåringa, men sjølvmål minuttet etter gjorde at Austevoll fekk ein fot inn i 2. divisjon.
Torkel Hjertnes sørgja i 18. minutt for at Austevoll fekk keeperen sin utvist, og gjorde med skåring i 85. minutt at det sto 2-1 og likt. Tre minutt på overtid avgjorde Christer Olsen, 3-1-skåringa sikra dobbelt opprykk til Os.
– Kampane mot Valestrand Hjellvik ser eg ekstra fram til, det er ekstra kjekt å vinna når det er sånn stemning på tribunen. Eg har òg ein tidlegare lagkamerat frå ungdomstid i Fana som motstandar på dei svarte og kvite
Os tar imot Valestrand Hjellvik i siste kamp før ferien, og møter dei på bortebane i serieavsluttinga.
– Eg har dessutan ein kollega som speler for Loddefjord, dei blir òg ekstra viktige å slå. Alle poeng er viktige, men eg ser at vi, med dei spelarane vi no har fått inn, fint bør klara å rykka opp i år, seier Hjertnes.
Rangering, basert på 2017-resultat
Os, ned frå 3. divisjon (11. plass, a poeng med 9. plass)
NHH, 3. plass i 4. divisjon
Sund, 3. plass
Loddefjord, 4. plass
Fyllingsdalen 2, 5. plass
Sandviken, 7. plass
Vestsiden-Askøy, 7. plass
Lyngbø, 8. plass
Austevoll, 10. plass
Frøya (opp frå 5. div. )
Telavåg (opp frå 5. div.)
Valestrand Hjellvik (opp frå 5. div.)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.