Sport | 26. apr. 2010

Glesnes klinte til

... men i dag var det ikkje frispark han skåra på.

Glesnes klinte til
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. apr. 2010 21:17

I seriestarten på bortebane stilte Anders Glesnes opp med to målgjevande pasningar til Ramo Racic. I dag skåra han sjølv, og sotraværingen som elles er kjent for knallharde frispark klarte seg utan dødball då han gav Os 1-0-leiing 17 minutt ut i første omgang.

Eit brot etterfølgt av godt eitt til to toch-spel i lengderetninga enda med knallskot av Glesnes i lengste hjørne.

Erik Kanestrøm gav Os 2-0 leiing i 56. minutt medan Baune reduserte til 2-1 på corner i 60. minutt.

Kampen enda 2-1 (1-0) til Os 2.

- Imponerande
Trenar Tore Nielsen var ikkje heilt nøgd etter seriedebuten, trass i siger på bortebane. I dag er han derimot både glad og imponert etter gutane sin prestasjon.

- Å styra ein kamp mot eit så godt lag som Baune, som ny i divisjonen, er veldig bra. I dag var både eg og spelarane nøgde etter kampen.

Nielsen trekk spesielt fram dei yngste på banen, tre av fire i forsvar er 17-18 år, i tillegg er Erik Kanestrøm på midtbanen også nyleg gamal nok til å kjøra bil.

- Dei spelar som om dei skulle vore i 3. divisjon i fleire år. Dei eldre spelarane Tore Valvik og Anders Glesnes var også svært gode i dag.

Os 2 sitt lag frå start (4-3-3):
Kjetil Hansen
Mats Lepsøe, Baste Jonassen, Kristoffer Sande, Anders Glesnes
Tom Skråmestø, Tore Valvik, Erik Kanestrøm
Ramo Racic, Espen Kolås, Christian Almeland

Byter: Espen Valvik kom inn for Kolås, Christer Olsen for Racic og Martin Eidsvik for Skråmestø.

Os 2 sine neste kampar er mot Arna Bjørnar borte og Voss heime (sundag 9. mai kl 16.00). Neste heimekamp etter dette er mot Fyllingen 31. mai.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.