Sport | 16. sep. 2011

- Glimtet tilbake

Heile 95% av fisken i Oselvo har i år vore villaks. - No ser eg glimt i auga på fiskarane igjen, smiler Olav Valle.

- Glimtet tilbake
Andris Hamrefredag 16. sep. 2011 10:16

Torsdag var siste fiskedag i Osvassdraget denna sesongen. Ein meir eventyrleg sesongslut kan ein leita lenge etter. Stor elv og mykje fisk avrunda sesongen. Når det i tillegg blei dratt opp ein av sesongens største på heile 8,7 kg på den siste dagen må sesongen kunne klassifiserast som vellykka.

- Fiskarane er svært nøgde.

- No ser eg igjen glimt i auga deira når dei snakkar om Osvassdraget, smilar Olav Valle i Osvassdragets eigarlag.

Dei ti største i 2011

Ole Vidar Søviknes frå prohd.no har fulgt fisket i osvassdraget heile sesongen med bilder og fangstrapportar. Her er hans oversikt over dei største fiskane tatt i 2011.

1 Plass: Thomas P - Laks 9.1 kg - Kremretten - 5/9
2 Plass: Lars Petter Grønvigh - Laks 8.7 kg - Kremretten - 12/9
2 Plass: Johnny Lund - Laks 8.7 kg - Sone 5 - 15/9
3 Plass: Henrik Sylta - Laks 7.5 kg - Kremretten - 1/7
3 Plass: Johnny Lund - Laks 7.5 kg - Sone 4 - 26/8
3 Plass: Kjell Atle Mikkelsen - Laks ca 7.5 kg - utsatt - Kremretten - 6/9
4 Plass: Bård Lyssand - Laks 7.1 kg - Kvernhushølen - 3/9
5 Plass: Bjørn Eitrheim - Laks 7.0 kg - Sone 4 - 1/7
6 Plass: Erik Olsen - Laks 6.9 kg - Sone 5 - 6/9
6 Plass: Sigbjørn Fjellstad - Laks 6.9 kg - Sone 2 kremretten - 11/9
7 Plass: Johnny Lund - Laks 6.8 kg - Sone 4 - 4/9
8 Plass: Svein Hansen - Laks 6.7 kg - Sone 2 - 28/8
9 Plass: Bård Lyssand - Laks 6.5 kg - Kvernhushølen - 4/9
10 Plass: Ove Lyssand - Laks 6.4 kg - Klekkerihølen - 2/7
10 Plass: Annbjørg Thordal - Laks 6.4 kg - Sone 4 - 2/9

95% villaks

Forrige sesong var omlag tre av fire fisk som blei fanga oppdrettsfisk. Spenninga var difor stor før årets sesong korleis situasjonen ville bli i år.

- I følgje skjelprøvane som er tatt av all fisken så er 95% i år villaks, strålar Valle som har problem med å forklara endringa.

- Nokre har spekulert i om det kan vera bygging av ny molo og mudring av elveosen som har gjort at det har vore dårleg fiske dei siste åra. Kan det vera noko i det?

- Nei, eg trur nok at den forklaringa kjem eit stykke ned på lista.

- Det har nok meir med større ting å gjera, som den generelle ståa i havet, lus på smolten som går ut i havet og røymd oppdrettslaks.

- Dei siste åra har vi sett at fisken har vore slunken med dårleg vekst. I år har den vore feit og fin, så vekstvilkåra i havet har truleg betra seg, forklarar grunneigaren.

Lengre sesong neste år?

Årets sesong blei kutta ned med 15 dagar slik at fisket først starta 1. juli.

- Med den gode sesongen i år. Kjem det til å bli utvida neste år?

- He he, nei det er nok ikkje så enkelt for byråkratane.

- No skal vi senda fangstrapportar og søknad om å få utvida til fylkesmannen, så skal han sjå på det og senda det vidare til Direktoratet for naturforvaltning før det skal på høyring i desember.

- Vi får nok ikkje svar før i januar/februar, forklarar Valle om den omfattande prosessen.

Valle har ikkje mykje tru på at dei får ei utviding, men vil likevel søkja om det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.