Gliste seg til storsiger
Osdamene spelte med låge skuldre og store smil då dei knuste Voss 41-23 torsdag.
I tillegg til å møtast i serien, møtte dei to 2. divisjonduellantane kvarandre i Scandic Bergen City Cup (Regionalt cupspel) i Oshallen torsdag kveld. Det blei tidleg klart at Osdamene kom til å ta heim sigeren i kvartfinalen.
– Dette var ein lagsiger, jublar Maria Stangeland Lunde.
– Vi var einige før kamp om å gå utpå banen og ha det gøy.
– Vi skulle ta med oss dei 50 gode minutta vi hadde mot Fyllingen og gjere det same i dag, supplerar trener Torbjørn Bøthun.
Strålande 3-2-1
Osdamen har nytta mykje av sesongen på å øva inn ein ny offensiv forsvarsformasjon. I torsdagens kamp fungerte den til fulle i 1. omgang. Voss kom knapt til skikkeleg avslutning og Osdamene kunne fossa fram på den eine kontringa etter den andre.
– Det byrjar å sette seg no ja, kommenterer Bøthun tørt.
– Jentene er disiplinerte og gode og køyrar eit effektivt ankomstspel.
Til pause leia Os heile 22-8.
Imponerte
I pausen hadde Vosstrenaren fått justert jentene sine litt, slik at det offensive forsvarspelet til Os ikkje hadde like stor effekt som i første omgang, men framleis hadde Osdamene full kontroll.
– Jentene var veldig tydeleg på det i pausa. Dei skulle ikkje sleppa seg nedpå.
– Det tykkjer eg ikkje dei gjorde heller.
– Jentene imponerer meg rett og slett i det dei gjer i dag, oppsummerar Torbjørn Bøthun.
Os - Voss 41-23 (19-7)
Utv: Os 1x2 min, Voss 1x2 min
Tilskodarar: 29
Os sitt lag: Vibeke Ingebrigtsen, Irene Tangerås 8, Emilie Hjertnes Halhjem 6, Emilie Stangeland Lunde 6, Marte Øvreeide 3, Line Hjelle Berentsen 6, Mona Stigen Heggeland 1, Elise Hjelle 7, Silja Espelid Lunde, Malin Lunde Fosen 4.
Os møter anten Kjøkkelvik, Sogndal (som sensasjonelt slo ut Jotun) eller Salhus/Årstad 2 i semifinalen i Scandic Bergen City Cup. Men allereie sundag er det seriekamp i Oshallen igjen når damene tek imot Gneist klokka 16.