Gløym «Sex and the City»
No er det «Girls» som gjeld. 15. april har TV-serien verdspremiere. Norsk lansering legg HBO og Canal+ til 60° Nord.
Den amerikanske TV-giganten HBO lanserar si store nysatsing «Girls» for det amerikanske publikummet 15. april. Saman med dei norske rettigheitshaverane i Canal+ bestemte dei seg berre for nokre få dagar sidan at den norske lanseringa av serien skal gjerast under filmfestivalen 60° Nord i Oseana torsdag 26. april.
- Dette blir stort!
- «Girls» er i USA allereie hylla som arvtakaren til «Sex and the City», seier ein entusiastisk pr-sjef Christoffer Kobbeltvedt i filmfestivalen.
Meir naturlege
Serien handlar om dei tre jentene Hannah, Marnie og Jessa som flyttar til New York for å finna og leva den glamorøse livsstilen vi kjenner frå forgjengaren.
- Sjølv om «Girls» blir samenligna med «Sex and the City» er det ein heilt anna type serie.
- På mange områder er den det motsette av forgjengaren. Der «Sex and the City» var glansbilete har «Girls» eit meir naturleg uttrykk, meiner Kobbeltvedt som trur serien også vil fengja den mannlege delen av publikummet.
Det nye stjerneskotet
Ei av dei tre hovudrolleinnehaverane er Lena Dunham.
- Ho har blitt komigenierklært i USA og er definitivt eit av dei nye stjerneskota på TV/Filmhimmelen i USA.
- I tillegg til å spela ei av dei leiande karakterane i serien har ho i tilegg vore med på å regissera og skrive manus til serien, forklarar Kobbeltvedt.
Dunham har tidlegare vore med å produsera og regissera, i tillegg til å ha hovudrolla, filmen «Tiny Furnitures» i 2010. Ein film som på den store filmfestivalen South by South-West blei krona med pris.
Eit lite og artig poeng er at du allereie sundag kan oppleve Lena Dunham på lerrettet i Oseana.
- Saman med Alex Karpovsky speler ho nemleg i «Supporting Caracters» som vi har noregspremiere på sundagen før.
Damenes
60° Nord kjem til å visa dei tre første episodane av den nye storsatsinga på det store lerrettet i Oseana.
- Det kjem til å bli heilt magisk.
- I tillegg til sjølve visinga kjem det til å bli ei oppleving rundt som ein berre kan gle seg til, seier ein lettare stressa Kobbeltvedt som berre har 14 dagar for å få alt på plass.
Gratis framsyning
Norgespremiera av «Girls» blir gratis i Oseana.
- Det var eit krav HBO stilte. Noko som passar oss godt.
- Vi viste med Trolljegeren i steinbrotet at vi kan lage gode gratis happenings, og det skal vi gjera igjen, avsluttar Kobbeltvedt.
Korleis du får billettar til framsyninga finn du på filmfestivalen si heimeside 60n.no.
Klarar du ikkje vente på Noregspremiera kan du sjå klipp frå serien her.