Lokal | 25. sep. 2012

– God dialog

Statens Vegvesen inviterte naboar og politikarar til oppstartsmøte om oppgradering av Lepsøyvegen. – Vi fekk mange gode tilbakemeldingar, seier vegvesenet.

– God dialog
Statens Vegvesen orienterte måndag naboar og berørte partar om planane for fylkesveg 158 mellom Grindavoll og Blindasundet (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 25. sep. 2012 16:08

Vegkontoret er i oppstarten av reguleringen av fylkesveg 158 Grindavoll - Blindasundet. Måndag inviterte dei naboar, politikarar og berørte partar til oppstartsmøte i kommunestyresalen.

- Det var stor interesse, med ein nesten fullsatt kommunestyresal, fortel plansjef Asle Andås.

Ønskjer innspel

Marianne Skulstad frå vegvesenet presenterte dei skissene og tankane vegkontoret sålangt har.

- Vi er heilt i oppstarten og har ein høyringsfrist til 5. oktober for berørte partar å kome med skriftlege innspel.

- På møte fekk vi presentert korleis vi har tenkt sålangt, fortel Skulstad.

Etter at vegkontoret hadde presentert sine planar blei det opna for diskusjon og kommentarar frå salen.

- Det var ei engasjert forsamling og vi fekk mange gode tilbakemeldingar.

Bygging i 2014?

Når høyringsfristen går ut vil Statens vegvesen sammenfatta innspela og utarbeide eit forslag til reguleringsplan som skal handsamast av plan- og bygningsutvalet i kommunen.

- I tillegg skal sjølve reguleringsplanen ut på høyring, så då blir det enno ein moglegheit for å koma med innspel.

- Kortid ser de for dykk at spaden skal i jorda?

- Dette er eindel av fylket sin regionale transportplan. Den skal handsamast no i midten av oktober.

- Om den blir vedteken i tråd med forslaget, så ligg det 5 millionar inne i 2013 og 55 millionar i 2014.

- Håpet er at vi skal få til ei bygging i 2014, avsluttar Marianne Skulstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.