God driv i Endelausemarka
E39 Svegatjørn-Rådal. Sjå bildeserie frå då formannskapet fekk omvisning i Endelausemarka. Tempoet har tatt seg opp etter sommaren.
Bildeserie:
I samband med formannskapet onsdag fekk politikarane seg ein sjelden busstur med synfaring av E39 Svegatjørn-Rådal og ikkje minst moglegheiten til å sjå noko av det dei håpar skal blir ei gullgruve for kommunen - Lyseparken.
Har leig inn ekstra lag
Assisterande prosjektleiar Arne Eltvik, som i planleggingsfasa var prosjektleiar for vegen, fortalde om framdrifta og dimensjonane.
– Det er drivinga av Lyshorntunnellen som er det mest kritiske for tida. Framdriften har kanskje ikkje vore så stor som vi hadde ønskt oss. Mellom anna difor har Veidekke no hyra inn eitt lag frå Skanska og eitt frå NCC i tillegg til sine eigne folk, fortalde Eltvik medan dei svære dumperane dundra forbi med stein og jordmasser.
Mange norske
Han meinte dei no var i god driv.
- Kor mange er det som jobbar på anlegget no, undra politikarane.
– Veidekke har litt over 200 mann i arbeid, omlag 60 av dei driver tunnellen frå Hamre. Dei jobbar i to skift frå seks om morgonen til to om natta. Totalt så driv ein no 10 stuffar på denne kontrakten. Fire i Skogafjelltunellen og seks i Lyshorntunellen, forklarte Eltvik.
– Er det mange utenlandske arbeidarar, undra Tone Hepsøe (Ap).
– Nei, det er overtal av norske. Alle tunelldrivarane er norske. Nokre av lastebilførarane har utanlandske namn, men også der der det i stor grad ein norsk arbeidsstokk.
Meir lausmasse enn dei trudde
Eltvik, som saman med Terje Søviknes (Frp) freista å få lov til å byrja på fylkesvegarmen til Åsen før sjølve E39 blei vedteken fortalde at dei fekk seg nokre overraskingar då dei tok til i området.
– Vi hadde jo håpa på at vi skulle fått bygd fylkesvegen i forkant, for då kunne vi ha kome inn her med borerigg og gjort meir nøyaktige grunnundersøkingar. Diverre avslørte vegdirektoratet meg då dei spurte om det var brukt for fylkesvegen om ikkje E39 blei vedteken. Eg blei svar skuldig.
– Dei avslørte meg òg, skaut Søviknes inn til latter for forsamlinga.
– Når vi endeleg kom inn her med boreriggen så viste det seg at det var meir lausmasser enn det vi hadde venta. Myrmassene legg vi no i deponi og freister å få tørka ut, forklarte den assisterande prosjektleiaren.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.