Lokal | 02. sep. 2017

God eldrepolitikk med Arbeidarpartiet!

Vi lever stadig lengre. Det betyr at mange eldre kan leva fleire gode år som pensjonist, der dei kan og vil delta og bidra.

God eldrepolitikk med Arbeidarpartiet!
Luranetunet (ill.foto: AH)
Andris Hamrelørdag 02. sep. 2017 06:21

Vi i Arbeidarpartiet vil sikra god pensjon, god omsorg og mangfaldig aktivitet.

Kven er så dei eldre? Det er friske seniorar, eldre som treng hjelp og dei sjukaste eldre ofte med demens.

Felles for alle uansett kor frisk ein er at det må leggast til rette slik at alderdomen vert så god som mogeleg.

«Den kulturelle spaserstokken» er under press frå høgresida. I 2015 sette Høgre/Frp fram forslag om å avvikla ordninga. Den kulturelle spaserstokken som hadde gjeve eldre i 387 kommunar kulturelle opplevingar. Heldigvis vart det ikkje noko av forslaget i budsjettforliket med V og Krf. Arbeidarpartiet vil satsa meir på denne ordninga.

Det å få kulturelt påfyll betyr mykje for folk som elles har mange dagar med lite innhald. Det kan ha ein positiv helseeffekt at dei eldre har noko å gle seg til, og at det vert meir glede i kvardagen

Sjølv er eg nyleg vorten pensjonist og ynskjer å delta i samfunnsaktivitetar. Eg vil ha gode kulturtilbod og eg vil vera sikker på at eg kan bu heime så lenge det er mogeleg. Og eg vil vera sikker på at eg får god omsorg når eg treng det. Eg vil rett og slett vera sjef i eige liv.

Då må det leggast til rette for felles møteplassar, aktivitet, kultur og opplevingar får ein sentral plass i eldre –og omsorgspolitikken.

Vi må satsa på heimebaserte tenester, hjelpemidlar og velferdsteknologi som gjer at flest mogeleg av dei som ynskjer det kan bu heime så lenge som mogeleg.

Arbeidarpartiet har lansert ein plan for eldreomsorga, «Sjef i eige liv» . Vi vil blant anna bruka ein milliard kroner på velferdsteknologi og gjennomføra ei kvalitetsreform for eldre, ein bu –heime- lengre reform og ha ein aktivitetsreform for eldre.

Vi treng meir fellesskap ikkje mindre!

Godt val!

Åse Vaksinen Sælensminde, Os Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.