Lokal | 16. juni 2016

God framdrift langs E39

Røyrlegginga som gjer at E39 mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet er ope berre i eit køyrefelt går etter planen.

God framdrift langs E39
120 cm er diameteren på betongrøra Statens Vegvesen legg ned for å ta unna overvatn (foto: Geir Brekke, Statens Vegvesen)
Andris Hamretorsdag 16. juni 2016 08:05

Statens vegvesen er i full gang med den omlag 600 meter lange leidningsgrøfta langs E39 mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.

I grøfta kjem det kommunale røyr for vassleidning og spillvatn, pluss overvassleidning for vegvesenet.

– Dimensjonane på overvassleidningen er 120 cm betongrøyr. Dei kommunale røyra har ein diameter på 40 cm, forklarar Geir Brekke, kommunikasjonsrådgjevar i Statens Vegvesen i ei melding til Midtsiden.

Sprenger seg fram

Den 600 meter lange grøfta blir mellom tre og fem meter djup.

– Det er sprengt ein god del fjell for å få plass til alle dei tre røyra. Difor er det eine køyrefeltet på E39 stengd mellom Tøsdalsskiftet og Moberg for trafikken nordover mot Bergen.

– Anleggsarbeidet vil gå føre seg i heile sommar og ut august. Planen er å opne E39 igjen med to felt i båe retninger 4. september, fortel Brekke.

I mellomtida må dei som skal køyre nordover på E39 køyre gamlevegen om Os sentrum.

– Trafikantane må berekna noko lengre køyretid gjennom Os, avsluttar Brekke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.