Sport | 21. aug. 2012

God golfhelg

2 x siger på Hordatour. Kvalifisert til landsfinale i Nordea Pairs. Storeslem på Junior Tour i Sogn. Golfarane frå Bjørnefjorden gjorde det skarpt i helga.

God golfhelg
Sverre Marcelius vann finalerunden i Hordatouren på Fana i helga og blei totalvinnar for andre året på rad (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 21. aug. 2012 09:13

Sjølv om haustmørket sig på og treningsdagane blir kortare for golfspelarane frå Bjørnefjorden golfklubb gjer det dei skarpt i turneringar rundt i landet.

- Denne helga har vore litt av ei helg for spelarane våre, fortel pro Sverre Marcelius.

Sjølv spelte han finale i Hordatouren (turnering for dei beste spelarane i Hordaland) på Fana Golfklubb. Etter laurdagens runde låg Marcelius tre slag bak klubbkamerat Alexander Heggland, men med ei stabil runde på 71 slag sundag tok han heim sigeren og dermed òg totalsigeren for andre året på rad. Alexander Heggland enda på tredje plass totalt.

- På Fana har vi fire spelarar blant dei seks beste i herreklassa.

- Når Mia Helen Hansen Hjelle i tillegg vinn dameklassa både på Fana og totalt kan vi ikkje vera anna enn godt nøgd, smilar Marcelius.

Sterk juniorinnsats i Sogn

Fem juniorar frå Bjørnefjorden tok i helga den lange vegen til Sunnfjord golfklubb i Jølster.

- Eg er imponert over juniorane og foreldra som reiser fire timer i bil for å spela turnering.

- Når dei fire jentene, Marianne Lepsøy, Lene Lepsøy, Juni Alette Tønjum Torjussen og Elise Langeland Olsen, i tillegg tek dei fire første plassane i mix-klassa med 13 deltakarar og Nils Gunnar Holemark tek tredje plassen i klassa si så gjer det trenaren stolt, skryt Marcelius.

Kvalifisert for landsfinale

På Sotra golfklubb gjekk områdefinalen i parturneringa Nordea Pairs.

- Geir Guddal og Ørnulf Jacobsen spelar likt med to andre par, men vinn turneringa med lågare handicap.

- Dei blei dermed kvalifisert til landsfinalen på Moss og Rygge golfklubb, fortel proen.

I tillegg var seniorane i sving på heimebane i Lag-NM 3. divisjon. Både damene og herrane enda på 2. plass. Anders Engelsen og Nathalie Engeseth tok turen til Arendal kor dei spelte Titleist Tour med dei beste juniorane i Noreg.

- Nathalie enda på 18. plass og Anders på 29.

- No gledar eg med til klubbmesterskapet på Bjørnefjorden til helga. Med desse gode resultata kan det bli ei spennande turnering, avsluttar Sverre Marcelius.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.