Sport | 13. aug. 2012

God hauststart

God start på haustsesongen i 4., 5. og 6. divisjon. Siger til alle tre laga frå Os som var i aksjon i helga.

God hauststart
Lyseklostertrenar Ørjan Sandal får denne veka spansk hjelp på treningsfeltet (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 13. aug. 2012 14:15

A-laget til Os har allereie gjort unna tre serierundar av haustsesongen. I helga gjekk dei på tap i bortekampen mot Stavanger. Betre gjekk det då for 2. laget som i 5. divisjon tok i mot Halsnøy til haustens første kamp.

Oslaget som består av mange juniorar viste gode takter og spelte i følgje rapportane ein god kamp, noko dei kunne krona med 4-2 siger og fjerde plass på tabellen.

Får gjestetrenar

Lysekloster i 4. divisjon stara haustsesongen førre helg med uavgjort i toppoppgjeret mot Lyngbø.

Denne helga blei det grei skuring då dei møtte Loddefjord på bortebane.

2-0 til pause etter ein god start på kampen og 3-0 etter fulltid etter ein delvis bra 2. omgang.

- Vi tek litt for lett på ting i 2. omgangen og blir ikkje bestemte nok og fandenivolske framfor motstandarmålet, rapporterar Lysefjorden.

Bakover står dei bunnsolid og gjev ikkje motstandarane ei einaste farleg målsjanse i løpet av heile kampen.

Denne veka arrangerar Lysekloster fotballskule på Edne med spanske Tony Ordinas som leiar. Han vil òg ta over trenaransvaret frå Ørjan Sandal denne veka og leie A-laget sine treningar.

Lysekloster 1 ligg trygt og godt på tabelltoppen seks poeng framfor Brann 2 som har ein kamp mindre spelt.

Storsiger til andrelaget

Lysekloster 2 tok imot Ny-Kronborg 2 til 6. divisjonsoppgjer på heimebane laurdag. Kampen skulle eigentleg ha vore spelt før sommarferien, men blei utsett. Kampen blei aldri spennande då Lyseklostergutane viste seg å vera alt for sterke for Ny-Kronborg og leia 7-0 til pause.

Etter ein litt tråare start på andre omgangen kjem dei innatt på skåringssporet og vinn tilslutt 13-1.

Dei andre lokale laga er enno ikkje i gang med haustsesongen.

Først ut er Søre Neset i 5. divisjon som reiser til Olsvik måndag ettermiddag. Nore Neset og Søfteland startar båe sin høstsesong til helga då dei møtar henhaldsvis Morvik og Samnanger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.