Sport | 27. jan. 2018

God laginnsats

Os spelte 2-2 mot Haugesund 2. Øystein Takle Eide skåra begge måla til Os.

God laginnsats
Os og Marius Mikkelsen spelte 2-2 mot Haugesund 2 laurdag (Arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. jan. 2018 20:53

Laurdag ettermiddag tok Os turen til Haugesund for å spela treningskamp og å ha ei sosial samling.

– No er vi på hotellet. Vi har hatt ein god middag saman, fortel trenar Karl Kvile.

Øystein i støtet

Sjølv om han helst vil trekka fram den gode laginnsatsen, klarer ikkje Kvile å unngå å nemna tomålsskårar Øystein Takle Eide.

– Eg er godt nøgd med kampen. Det var ein god laginnsats, heile gjengen skal ha ros, men Øystein var vanvittig god i dag!

– Haugesund 2 køyrde kampen, men eg vil berømma gutane for den forsvarsjobben dei gjorde i dag. Dei legg ned mange kilometer for å forsvara oss.

Haugesund 2 - Os 2-2 (0-1)

Os sitt lag: Anders Fossen Lunde, Vegard Skeie, Divaldo Cardoso, Simon Søvik, Marius Mikkelsen, Alexander Tøssebro, Sander Kvittingen, Øystein Takle Eide, Steffen Ljosheim, Christer Olsen

Innbyttarar med speletid: Trym Bjørnevik, Harry Moore, Steffen Kvamsdal, Kristoffer Røttingen, Fabian Bødtker, Erlend Hevrøy

– I dag mangla vi seks av dei sentrale spelarane. Vi møter eit godt, ungt lag, men med minst éin frå A-laget til Haugesund. Dei var kvikke og offensive!

– Det blei ein god treningskamp. Eg er ikkje så veldig fokusert på resultatet, eg gler meg mest over å sjå kva innsats gutane viste, oppsummerer Kvile.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.