midtsiden

God NC-start

Førstelaget opna Norway Cup med 6-0-siger, også Os 2 vann sin første kamp.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Turn stiller med to juniorlag, to gutelag (eitt av dei spelar 7ar) og eitt jentelag i Norway Cup i år. I tillegg stiller Lysekloster Idrettslag med eit jentelag.

Fredag starta innsjekkinga, sundag blei dei første kampane spelte. Begge juniorlaga og begge gutelaga spelte første kampdag.

Tap og siger
G16 (11ar) fekk ein tøff start mot eit godt og fysisk sterkt Mandalskameratene. Kampen enda med 0-5-tap.

G16 (7ar) møtte Sparbu og vann 6-1.

Seks målskårarar i éin kamp
Os sitt førstelag på juniornivå møtte Abildsø i første kamp. Os tok tidleg styringa, og Ramo Racic (bildet) skåra ifølgje tilskodarar frå Os kanskje turneringas finaste mål til no då han gav Os 1-0-leiing med ein lang og flott lobb.

- Abildsø spelar ikkje i toppserien i Oslo, men har henta ned A-spelarar og kan som andre Oslo-lag vera tøffe å slå. Men gutane imponerte med kjempespel i dag, seier trenar Øyvind Steffensen.

Espen Valvik sprang frå alle og tuppa inn 2-0 og Kristoffer Sande nikka inn 3-0 på første stolpe, på ein innøvd cornermanøver. Erik Kanestrøm tok hjørnesparket.

Etter pause Preben Borgen før Kanestrøm, som av trenaren blir kalla banens beste, auka til 4-0. Sven Lyssand, som nyleg kom tilbake etter kneoperasjonen, fekk også nettkjenning i første Norway Cup-kamp. 

Os 1 spelar neste kamp på tysdag, mot Furuset.

Kan møtast i 16-delsfinale
Os 2 spelte også sin første kamp klokka 12 i dag. Dei tok styringa over Hødd og leia 2-0 til pause.

- Stian Helland og Stian Bakke skåra kvar sitt, fortel lagleiar Leif Gunnar Borgen.

- Hødd hadde to sjansar i andre omgang, begge på frispark. Det eine gjekk utanfor, det andre i mål, i periodar der vi let dei koma med i kampen igjen. Mesteparten av andreomgang var det vi som styrte, vi var nærmare 3-1 enn dei var utlikning, meiner Borgen.

Os 2 spelar neste kamp måndag kveld, mot Rælingen. Rælingen spelte sundag uavgjort mot Kurdistan.

- Viss vi hamnar som toar i pulja og Os 1 vinn si, vil vi med siger i 32-delsfinalen møta førstelaget i 16-delsfinalen. Vi bør med andre ord gå for å vinna pulja vår vi òg.

Damene startar måndag.
Verken Os eller Lysekloster sine jentelag spelar før i måndag ettermiddag.

Lysekloster sitt lag møter Lørenskog i første kamp, J16 frå Os møter Sykkylven, som i dag tapte 0-1 for Overhalla.

Fleire saker