Lokal | 12. apr. 2010

God på botnen?

Os sentrum har tatt seg vatn over hovudet.

God på botnen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. apr. 2010 20:01

Bildeserie:

1 av 4

Benjaminn Bruarøy, som har arbeidsveker hos Midtsiden.no, tok seg ein tur med fotoapparat for å festa Os sentrum på minnebrikka i det fine vårvêret i dag.

Han kom tilbake til kontoret med mange fine bilde, men fleire av dei fortel om manglande vedlikehald.

Telthusplassen, som blei oppgradert for fleire millionar kroner i fjor, har ikkje rokke å bli eitt år før forsøplinga var ruvande. Den grunne Baronselva bugna i dag over av blant anna ei handlevogn (!) og ein sykkel.

I hamna, mellom Peppes og det komande Os Sjøfront-anlegget, er pryda av to båtar som anten ikkje har blitt ausa sidan i fjor eller har blitt sjøsett litt for hardt.

I kveld var handlevogna og sykkelen fjerna frå Baronselva, om nokon har dykka ned og ausa dei to båtane på vestsida av hamna veit vi ikkje.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.