God på nett?
Os kommune sine nye nettsider får 21 av 51 poeng, men er likevel blant dei beste i Noreg.


«Os kommune skårer høgt på nye nettsider», skriv ordførar Terje Søviknes i ei pressemelding.
Oskommune.no har klatra opp frå nedste halvdel av lista, og ligg på 30. plass i Noreg og på 3. plass i Hordaland.
- Dette er eit kjemperesultat som syner at det nyttar å satsa målretta på 24/7-kommunen. Dette er ei flott fjær i hatten til alle involverte i Os i Tio-prosjektet, der satsing på digitaliserte tenester og kommunen sine nettsider har vore viktige tiltak, konkluderar ordførar Terje Søviknes.
Bergen best i Hordaland
Best i Hordaland er Bergen, på 2. plass i fylket vårt kjem Fjell kommune.
- At Os kommune med våre små ressurser er nr 30 av 430 kommuner er en stor prestasjon, og våre tilsette på området fortener all den ros dei kan få! held ordføraren fram.
Svak likevel?
Os skårar høgt i forhold til andre, men med 21 av 51 poeng er det framleis meir å henta.
IKT-Norge gjennomførte sommaren 2011 ei undersøking om brukaropplevingane av alle norske kommar sine heimesider.
Stryk til norske kommunale nettenester, skriv dei i sin rapport.
«Generelt sett er resultatene ikke overraskende, men likevel ikke lystig lesing - Norske kommuner tar ikke sine innbyggere på alvor når det gjelder å forenkle hverdagen» meiner dei.
Årdal best i landet
Kommunen som skåra best i Noreg, Årdal kommune i Sogn og Fjordane, får 26,5 poeng.
Til samanlikning får København 41 av 51 poeng.
Dårlegast er fleire med 0 poeng, blant anna Ullensvang i Hordaland.