Kultur | 24. mai 2020

God respons: Brørne Kleivane starta Os Gatebilklubb

– Målet er å redusera mengda stygg køyring på trafikert veg.

God respons: Brørne Kleivane starta Os Gatebilklubb
Kristoffer (t.v.) og Nikolas Kleivane vil få villmannskøyring vekk frå vegane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. mai 2020 08:51

I midten av mai blei Facebook-gruppa Os Gatebilklubb oppretta, veka etterpå hadde sida over 200 medlemmar.

– Målet er å formelt stifta klubben og på sikt få eit område vi kan treffast, med ein liten dragracebane, fortel initiativtakar Nikolas Kleivane.

– Det har vore ein del utforkøyringar og ulykker i Os, nokre av dei har fått konsekvensar. Det går an å forstå at folk med spreke bilar vil testa dei ut litt, men eg synest nokon bør jobba for å få ein lokal arena for dette.

Han fekk med seg storebroren Kristoffer og kona hans Suada til å få gruppa i gang.

– Om bilinteresserte får ein plass dei kan få litt utlaup, er eg overbevist om at det òg blir tryggare på vegane i bygda, seier Kristoffer.

Inviterte til møte - 50 stilte opp

Facebook-gruppa kan brukast til både å avtale fellesturar og til å utveksla tips og råd om bilpleie og reparasjon.

Då gruppa bikka 200 medlemmar ville brørne Kleivane sjå om nokon ville møtast for ein prat.

Tette med tyske hestekrefter stilte til første treff med ny klubb. (Foto: KVB)
Tette med tyske hestekrefter stilte til første treff med ny klubb. (Foto: KVB)

På ein regntung laurdagskveld møtte rundt 50 bilar utanfor «Lidlbygget» i Ådnadalen.

– Er treffet klarert med grunneigar og politi?

– Nei. Det var spontant, vi berre valte ein plass der bilinteresserte av og til møtast, og visste ikkje at så mange ville møta fram.

– Ei bygd med stor motorsportinteresse

No ønskjer brørne å få klubben i ordna formar, og ser grunnlag for fleire treff.

– I tørrare vêr blir det kjekkare. Då får vi gått meir rundt sett på bilane til kvarandre, og det blir meir prat. Kanskje har vi folk i gruppa som kan hjelpa med arbeidet med å skaffa ein fast samlingsplass og ein form for bane der vi kan få testa bilane litt i trygge omgjevnadar.

– Neste gong håper vi på finare vêr. (Foto: KVB)
– Neste gong håper vi på finare vêr. (Foto: KVB)

Dei er òg optimistiske med tanke på å nå målet.

– Det er fleire som kunne hatt glede av ein samlingsplass og ein dragracebane. Os har både den aktive motocrossklubben, Os Amcar Club og flinke idrettsutøvarar i bilcross og mc-racing.

Les òg:

– Det ser òg ut til å vera politisk velvilje, både til å støtta klubbar og individuelle utøvarar, men òg ovanfor dei med generell bilinteresse. Folk har fått lov til å ha minidragrace med amcar på Os vgs og konkurranse i burning på Er-An Veikro.

– Då bør vi òg få til noko i meir førebyggande retning, for unge og vaksne med spreke bilar, meiner Kleivane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.