Kultur | 26. jan. 2017

God respons på Julie Bergan

Onsdag slapp Osfest Julie Bergan og Unge Ferrari. – Responsen har vore veldig god. Billettsalet er allereie i gang, seier Hylland.

God respons på Julie Bergan
Tor Egil Hylland fortel om god respons etter at Osfest slapp Julie Bergan og Unge Ferrari onsdag (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 26. jan. 2017 14:47

Responsen har ikkje latt vente på seg etter at Osfest onsdag morgon fortalde at Julie Bergan og Unge Ferrari er to av artistane som skal spela på Osfest-fredagen.

– Det har kome mailar og tilbakemeldingar frå kjende og ukjende om at dette var bra. Eg trur folk har vore både spente og forventningsfulle til kva vi skulle komma med, og eg opplever at vi har innfridd, seier festivalsjef Tor Egil Hylland eit døgn etter at dei slapp dei to første artistane.

Ikkje opplevd tilsvarande

Hylland fortel at sjølv om det er nesten åtte månader til festivalen så har salet av festivalpass kome godt i gang.

– Vi har ikkje seld billettar i januar tidlegare år. Det har pleid å vera ein og anna før jul, men i år opplever vi pågang på to-dagarspassa allereie.

– Såg de noko på billettsalet etter at de la ut Julie Bergan og Unge Ferrari i går?

– Ja, vi såg umiddelbar respons, sjølv om det ikkje er heilt enkelt å måla. Vi har ikkje opplevd tilsvarande respons direkte på billettsalet som no. Om det er artistane som gjer det, eller om det er at Osfest er i ferd med å etablera seg ved at folk veit kva vi står for og kva dei får av fasiliteter det veit eg ikkje. Det kan jo òg vera at vi har flytta festivalen ei veke til andre helga i august. Då er jo gjerne folk heime frå ferie, analyserar Hylland.

Fryktar ikkje Kurt Nilsen

Berre timer etter at Osfest lanserte sine to artistar blei det kjend at Kurt Nilsen spelar på Bergenhus same fredag.

– Det tar vi heilt med ro. Det er rom for parallelle arrangement så lenge du leverer og har kvalitet. Vi visste at Kurt Nilsen skulle spela i Bergen same dagen.

– Kurten er dyktig han, og det kan nok vera nokon som heller vil dit, men eg er trygg på at vi har sydd saman eit så godt program fredagen at det ikkje er noko problem at han speler i Bergen. Vi har andre veldig spennande artister på gang som vi slepp om ikkje så lenge. Osingane kan berre gle seg, avsluttar Hylland som ser fram til å sjå Julie Bergan og Unge Ferrari på spelemannprisen laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.