Kultur | 15. aug. 2009

God sogestart

Regnet såg ut til å skapa ein roleg start på kystsogedagane i Os, men etter opninga blei det tett med folk både på loftet over butikken og på vernissasje på Vedholmen Galleri.

God sogestart
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. aug. 2009 13:39

Bildeserie:

1 av 6

Laurdag starta kystsogedagane i Os, med fiskekonkurranse, kappsegling og fleire utstillingar i Søre Øyane. Varaordførar Børge Lunde (H) sto for den formelle opninga klokka 11 på kaien til Bunnpris Vedholmen Landhandel.

- I år er det 13. gong vi har denne markeringa av kystkommunane på Vestlandet si historie. I Os har vi i år tre helger med aktivitetar tilknytta Kystsogevekene, sa Lunde, og ramsa opp opninga i dag, Bondens Dag og Oselvarfestivalen 29. august og Kulturminnedagen 13. september.

- Blant rundt 17.000 innbyggjarar i Os har vi berre 13 melkebønder. Og ser vi vekk frå Hargun og Røttingøy sine tilsette, er det berre 8 yrkesfiskarar i kommunen, fortalte varaordføraren.

Men kystkulturen involverer fleire av oss, og desse dagane er ei fin markering med mykje spennande å vera med på for store og små.

Vått, men vakkert
Det var ikkje så mange som fekk med seg starten på opningstalen til Børge Lunde, men i løpet av tida ved mikrofonen kom fleire til. Og då den første kystsogedagen var open gjekk folk i kø til loftet over butikken.

Der var utstillinga "Øyane før og no", og servering av blant anna fiskesuppe.

Ein time seinare var det vernissasje for gjesteutstillar Terje Risberg på Vedholmen Galleri på Sundøy. Også denne blei folksam, med 35-40 som fekk med seg opningstale av Jannicke Heien Knutsen og vakker Ole Bull-musikk framført av fiolinist Kate Jordan Larsen.

Utandørs heldt aktivitetane fram med omvising på Hargun, fiskekonkurranse og kappsegling i oselvar. Midtsiden.no kjem tilbake med meir.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.