God start av Karoline
Bilcross-sesongen har starta for Karoline Breivik. – Ho var best på 5 av 6 startar, fortel Håvard Gåssand.
I oktober i fjor debuterte ho med bilcross, dei to siste helgene har Karoline (16) kjørt sesongens to første løp.
– Det starta på Eikås for ei dryg veke sidan, med kvalifiseringsløp til landsfinalen. I helga som var gjekk turen til Vikedal, fortel morfar og mentor på bilcrossbanen, Håvard Gåssand.
Av 32 startande hamna Karoline på 18. plass.
– Det er ein god plassering, men samtidig var ho litt skuffa, for hadde ho klart 17. plass eller betre så hadde ho fått kjøra finalerunde og kjempa om topp 6-plassering. Dei 6 beste går nemleg til landsfinalen.
Blei bulka i første sving
I Vikedal i helga var Karoline som vanleg rask ut frå startstreken.
– Ho er veldig god på startane, ho har vore klart best på 5 av 6 startar, fortel morfaren.
Men i Vikedal gjekk det litt gale i første sving.
– Ho fekk litt for mykje sladd og hamna sidelengs. Bilen som kom bak kjørte rett i fronten hennar.
– No er det ikkje løp før i midten av juni og to veker til neste trening, så eg skal nok få bilen klar igjen til då, seier motorcross-kjørar Gåssand.