Kultur | 21. des. 2009

God start for Julepuben

Den nye puben i Os klarte nesten å opna til planlagt tid, og fekk god mottaking utover natta.

God start for Julepuben
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. des. 2009 14:00

Bildeserie:

1 av 1

- Det dårlege føret gjorde innspurten ekstra utfordrande for oss, men tappetårnet kom på plass i 21-tida og rundt kl 22 kunne vi endeleg opna dørene, seier Marianne Curtis.

Det tok ikkje lang tid før den stemningsfulle innreiinga fekk matchande gjestar. Sjølv om ORBO hadde samla 200 i Fjellheim var det rundt midnatt allereie 30 feststemte osingar i Julepuben.

- Det kom endå fleire utover natta, og vi fekk mange fine tilbakemeldingar. Utruleg kjekt at folk stiller opp når vi lagar til noko nytt! Pianoentertaineren Marvin var like flink som vi hadde håpa på, og fekk gjestane med på både dansing og allsong rundt borda.

Ikkje dagtid
Då Midtsiden.no laurdag skreiv om den nye puben, fortalte Curtis at dei ville halda ope frå klokka 12 kvar dag.

- Det kravde mykje av alle som sto på for å få Julepuben opna i tide, ei stor takk til alle som var med!

- Vi hadde ope på dagtid sundag, og det var koseleg. Men eg ser at vi saman med drift av Bar2Be dessverre ikkje får kapasitet til å ha ope på dagtid, og utset derfor opning frå klokka 12, som vi først hadde tenkt, til klokka 20, seier Marianne Curtis.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.