God start mot Fana
NM Håndball • Os starta begge omgangene bra mot Fana, men blei slitne mot det temposterke 1. divisjonslaget.
Søndag ettermiddag starta handballdamene til Os sesongen med 2. runde i NM mot naboane frå Fana. 1. divisjonslaget kom rett frå ei vekes treningsleir i Spania.
– Vi har hatt ei god veke i Spania og gler oss no til kamp mot Os og til seriestart om ei veke. Eg føler vi er i rute, fortalde tidlegare Os-trenar, no Fana-trenar, Erlend Lyssand før kampen.
Os - Fana 19-35 (11-17)
Utv: Os 1x2 min, Fana 1x2 min
Os sitt lag: Gunn Nummedal, Emilie Halhjem 1, Hilde Kristine Røttingen, Line Hjelle Berentsen, Elise Hjelle 5, Bente Mjanger 4, Irmelin Lund 1, Liv Lunde 3, Thiet Dang, Marie Henriksen Håland 3, Marlene Hauge Sund, Nora Berge 1, Emma Lyssand, Tiril Thomassen Grønvigh, Mia Torp Nielsen
Tre foran
Os kom raskast ut av startblokkane i heimeoppgjeret mot Fana og gjekk opp i 3-0 før gjestane reduserte etter fire og eit halvt minutt. Samstundes fekk Marlene Hauge Sund ein god start i mål med fleire klassifiserte redningar. Etter kvart viser divisjonsforskjellen seg og gjestane set opp tempoet i kontringar når Os mister ballen i angrep. Halvvegs ut i omgangen er gjestane oppe i sju målsleiing, før Os igjen henter seg litt inn anført av Liv Lunde som kastar seg etter ballen til stor juble for dei vel 150 tilskodarane i Oshallen. Os er fire mål bak, før Fana igjen rykker frå og går til pause med 11-17-leiing.
Blei slitne
Andre omgangen startar som den første. Os går tøft ut og skårar dei første tre måla. Igjen opnar Marlene Hauge Sunde godt i Osmålet, men utover i omgangen blir Osjentene tydeleg slitne og klarer ikkje koma heim raskt nok i forsvar når dei mistar ballen i angrep.
– Vi gjer ein grei kamp. 16 mål-tap er litt mykje etter ein litt dårleg andre omgang frå vår side, men vi blir slitne og klarer ikkje ta returløpa skikkeleg. Samstundes så tykkjer eg vi speler glimrande i etablert forsvar.
– Dette ser greit ut før sesongstart. Vi har framleis litt å jobba med, men alt i alt er eg veldig nøgd, oppsummerer Ostrenar Trond Førde Eriksen.