midtsiden

God start på påsken

Onsdag starta «påskefestivalen» på Bar2Be med over 100 på RHCP-konsert.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

- Påskefestivalen i fjor blei ein suksess, så då følgjer vi opp med bra LIVE-program også i år, seier Marianne Curtis hos Bar2Be.

Onsdag starta påsken med Red Hot Cherry Poppers-konsert. Tor Espen Skoglund, Bjørn Stian Bjoarvik, Olav Skorpen og Bjørn M. Moberg gjekk på scenen i 23.30-tida, med over 100 på plass for å lytta.

- Dette er bra. Påsken er ei god tid for oss i utelivsbransjen, med mange som kjem heim frå skular og mange fridagar å velja mellom.

Torsdag held påskefestivalen fram med storjam, medan fredag er sett av til hardare tonar, når blant anna det lokale rockebandet Neoplasma skal på scenen.

- Laurdag blir det DJ, sundag har vi som i fjor påskenachspiel med fleire artistar klare for å yta på scenen, seier Marianne.

Også Opus har LIVE-musikk på programmet i påsken, torsdag kjem Gest og Piddi for å laga Spetakkel.

Under kan du sjå ein snutt frå konserten onsdag. (Foto: Kjetil Bruarøy)

Fleire saker