God start for Søre Neset
Søre Neset har starta sesongen med fem nye spelarar og 16-3 i målforskjell på dei to første kampane.


Fredag 7. august hadde Søre Neset sin første kamp etter sommarferien. Motstandar Minde gav ikkje like mykje motstand som i sesongopninga, då laga spelte uavgjort 3-3.
- Anders Kinden punkterte kampen tidleg med tre skåringar på seks minutt, fortel trenar Frank Haugland.
I 6. minutt kom 1-0, to minutt etterpå auka Kinden til 2-0 og i 12. minutt sto det 3-0 til heimelaget.
Kinden putta også eitt til i andre omgang, i tillegg skåra både Niklas Linde, Kenneth Hufthammer og Kjetil Henriksen to kvar - og Emilis Zilinskas avslutta med å setja inn 11-1. Målet imot kom på 4-1, og det sto 5-1 til pause.
- I andre omgang gjorde vi fleire byte. Med blant anna Torbjørn Hjelle, Eirik Kvittingen og Tommy Matre på den sterke benken var det berre til å fylla på med friske bein.
I sommar fekk Søre Neset, i tillegg til å ha fått Emilis tilbake, fire nye spelarar i Espen og Thomas Halhjem, Tore Kinden og Kay Roger Bøyum.
Spennande mot Apollo
Fredag som var spelte Søre Neset borte mot Apollo. På heimebane i vår blei det 3-0, på bortebane blei det meir spennande.
- Vi sleit med å få ballen i mål, og etter skot i tverrligger og redning på strek klarte heimelaget å ta leiinga. Men Kjetil Eide utlikna og Niklas Linde gav oss 2-1-leiing til pause.
I andre omgang var det jamt til det sto ti minutt igjen.
- Kinden auka til 3-1, men tomålsleiinga varte ikkje lenge. Ved avspark frå midtbanen kom det eit godt langskot, og Morten i målet vårt sto langt ute og var ikkje klar for å redda. På 3-2 blei det spennande igjen, fortel Haugland.
Men "luftens baron" Kjetil Henriksen stanga inn 4-2, og bror til Anders Kinden, Tore, gav Søre Neset eit femte mål før kampen var slutt. Søre Neset vann 5-2.
Mot toppen
Når tabellen har blitt oppdatert med resultat frå Minde-sigeren (som av ein eller annan griunn heng i systemet), er Søre Neset på 4. plass med 25 poeng. Solid leiar med 32 poeng på ein kamp mindre spelt.
- Fredag spelar vi mot Erdal heime (kl 18.30). Dei ligg hakket over oss på tabellen. Seinare følgjer fleire toppkampar, så gjer vi det skarpt i dei neste rundane så nærmar vi oss nok toppen av tabellen, seier Haugland.
SJÅ TABELL