Sport | 07. jan. 2017

God start for Sverre

Sverre Lunde Pedersen gjorde jobben på første dag under EM. Tok tredjeplassen på 5000 meter.

God start for Sverre
Sverre Lunde Pedersen jakter medalje under skøyte-EM i Heerenveen (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 07. jan. 2017 17:32

Som Sverre Lunde Pedersen spådde før EM blei det tøff konkurranse frå Sven Kramer og Jan Blokhuijsen på dag éin under EM på skøyter i Heerenveen i Nederland.

Sverre starta bra på 500 meter med ein sjette plass med tida 36.73, kanskje litt høgre enn det han sjølv meinte han måtte ned på for å vera med i konkurransen. For dei norske skøyteløperane blei 500 meteren ein suksess med siger til Sindre Henriksen og femte plass til Simen Spieler Nilsen.

Skulle vera offensiv

På 5000 meteren viste Sverre at formen definitivt er i anmarsj. Med runder rundt 30,0, gjekk han inn til førebels leiing i løpet. Berre ei svak sisterunde på 31,3 øydela litt for Lunde Pedersen.

– Eg er nøgd med å gå i par med Douwe de Vries. Han er ein bra makker som går jamnt. Eg skal gå likt med han i starten og gå frå på slutten. Det er viktig at eg er offensiv frå start og ikkje safer, sa Lunde Pedersen til NRK før start.

Tilbake i form

NRK sin ekspertkommentator Even Wetten var nøgd med det han såg frå Lunde Pedersen.

– Han har ein heilt perfekt start på løpet og ser betre ut enn han har gjort tidlegare i år. Han er meir stabil i overkroppen no enn tidlegare. Dette er det vi kan forventa av Sverre. Alt er bra med løpet til Sverre unnteken den siste runda.

– No er Sverre tilbake der han skal vera, kommenterte Wetten etter løpet på 6.20.17.

Kramer suveren

I paret etter kom Jan Blokhuijsen, som viste at han ville vera med i kampen om medaljer med tida 6.16.86, før suverene Sven Kramer kom i nest siste par.

– Kramer er i ein klasse for seg, kommenterte Wetten.

Kramer gjekk i mål med tida 6.10.58.

Før 1500 meter og 10000 meter søndag ligg Sverre Lunde Pedersen på tredje plass bak Kramer og Blokhuijsen og har gode sjanser til å nå målet om pallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.