Lokal | 02. sep. 2014

God stemning

Måndag starta ungdomsklubben på Nore Neset opp att etter sommaren.

God stemning
God stemning då ungdomsklubben på Nore Neset starta oppatt måndag (privat foto)
Andris Hamretysdag 02. sep. 2014 08:59

I februar starta ei gruppe ivrige vaksne ungdomsklubb på Nore Neset, etter at dei hadde opplevd fleire uheldige episodar i nærmiljøet.

– No er vi igang igjen for hausten. Måndag var det 15-20 ungdommar innom i kjellaren på Nore Neset aktivitetshus.

– Der spelte dei bordtennis, air-hockey og hadde det elles kjekt saman med prat og løye.

– Ved hjelp av sponsorar og velvillige samarbeidspartnarar fekk ungdommane servert frukt, chips og drikke, fortel Jan Kristian Rokne, ein av intitiativtakarane bak klubben.

Fredagsdisko

Allereie fredag er klubben open igjen.

– Då blir det diskotek i symrasalen for elevar i 8. til 10. klasse.

– Det blir gratis inngang og servering. DJ Jan styrer musikken.

– Om det er nokre frivillige vaksne som kan tenka seg å hjelpa oss med å vera vakter eller å stelle i stand, så er det berre å ta kontakt, avsluttar Rokne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.