Sport | 31. jan. 2011

God vinterform

Nore Neset, som rykte opp til 6. divisjon i fjor, vann 4-2 over 5. divisjonsklubb.

God vinterform
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. jan. 2011 11:55

Dei tre laga frå Os som rykte opp til 6. divisjon i haust, Nore Neset, Søfteland og Lysekloster 2, er alle med i Tornado Bergen sin vinterliga.

Søfteland tapte 4-1 for Smørås 2 i første kamp i puljespelet, Nore Neset fekk ein betre start.

I går spelte dei på heimebane mot Nordnes. Nordnes hamna om lag midt på tabellen i 5. divisjonsavdelinga Søre Neset spelte i førre sesong.

Divisjonsforskjellen gjorde at Nore Neset starta med straffe, og Remy Snilstveit sørgja for 1-0. Alexander Thuen auka til 2-0 før gjestane reduserte før pause.

I 2. omgang la heimelaget om til ein meir offensiv formasjon.

Nordnes skåra det første målet, men Snilstveit og Thuen putta kvar sine mål også i andre omgang, og sørgja med det for 4-2-siger i årets første treningskamp og første innleiande runde i vinterligaen.

Lysekloster 2 speler sin første kamp i turneringa førstkomande laurdag, borte mot SK Galgen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.