Lokal | 10. feb. 2011

Gode barnehagar i Os

- Dette er gode resultat, vi skal ha lov til å vera nøgd og stolt, seier barnehagefagleg rådgjevar Irene Ullensvang.

Gode barnehagar i Os
Andris Hamretorsdag 10. feb. 2011 11:47

Barnehagefagleg rådgjevar i Os kommune, Irene Ullensvang, presenterte onsdag resultata frå brukarundersøkinga dei gjennomførte i barnehagane i Os i november for tenesteutvalet.

Resultata syner at foreldra i Osbarnehagane er meir nøgd enn i resten av landet. På det oppsummerande spørsmålet"Alt i alt, kor nøgd er du med barnehagen barnet går i" skårar barnehagane i Os 5,2 mot eit landsgjennomsnitt på 4,9.

- Vi skal få lov til å vera stolte og nøgde med resultata, sa Irene Ullensvang før ho var raskt til å legga til at resultata frå undersøkinga skal nyttast i det daglege arbeidet.

Ei oppsummering av resultata finn du nederst i saka.

Ingen skilnad på privat og offentleg
Tala som blei presentert for tenesteutvalet var samla for alle barnehagane som deltok (nokre av dei private har eigne undersøkingar). Totalt var 13 av 22 barnehagar med.

Leiv Gunnar Heggland (Frp) stilte spørsmål om det var skilnadar på resultata i dei private og dei offentlege barnehagane.

- Nei, ein barnehage er ein barnehage uavhengig av eigerskap. Foreldra er like nøgd, og det er kjekt å sjå, svara Ullensvang.

Ho kunne og fortelja at det ikkje var nokon av barnehagane som skilte seg ut i den eine eller andre retningen.

Innhald viktigast
Lågast skår i undersøkinga får områda brukarmedverknad, informasjon og fysisk miljø som alle får 4,7 (4,6 - 4,7 - 4,5 i landsgjennomsnitt).

- Dei to første er områder vi jobbar med, men som er vanskelege å finne den ultimate løsninga på fordi oppfatninga hos foreldra er så forskjellig.

- Det nokon opplever som god brukermedverknad og informasjon opplever andre som dårleg, men tilbakemeldingane er klare på at det viktigaste er sjølve innholdet i kvardagen til ungane. Er det godt, så er òg dei føresette nøgd, i følge Ullensvang.

Ullensvang syntes ein av kommentarane frå undersøkinga sa det meste: "Barnets synlige trivsel er det viktigste for oss. alt annet er bonus."

- Når det gjeld det fysiske miljøet så det spesielt reinhald og sand i garderobane som går att i kommentarane, forklare den barnehagefaglege rådgjevaren.

Låg svarprosent
Ei felles uro i tenesteutvalet var at berre 45 prosent av dei som hadde moglegheten tok seg tid til å svara på undersøkinga.

- Eg veit dykk har gjort det de kan for å få folk til å svara, men klarar likevel ikkje å undrast over kor representative svara er, sa Helge Kjellevold (V).

- Vi skulle òg ha ønska ein høgare svarprosent, men etter å ha vore i kontakt med "Betre kommune" som er systemet vi nyttar er eg ikkje uroa.

- Dei meiner at svara er representative for korleis ståa i barnehagane er, forsikra Ullensvang.

- Eg blir litt skuffa over foreldra som ikkje tek seg tid til å svara. Det er tross alt for å gjera det betre for ungane vi gjennomførar undersøkinga, sa Marianne Hjelle (Frp).

Undersøkinga oppsummert:

Snitt Os Snitt landet Brukarane 5,0 4,9 Trivsel 5,2 5,1 Brukermedverknad 4,7 4,6 Respektfull handsaming 5,3 5,3 Tilgjenge 5,4 5,3 Informasjon 4,7 4,7 Fysisk miljø 4,7 4,5 Generelt 5,2 5,1 Snitt totalt 5,0 4,9

Kjelde: Brukerundersøking på barnehageområdet, november 2010, Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.