midtsiden

Gode besøkstal

Med mellom 3000 og 5000 unike besøkande per dag er Midtsiden.no blant dei best besøkte lokale nettavisene i landet.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I veke 43 hadde Midtsiden.no 31.089 besøk, 11.890 unike besøkande.

Tilsvarande tal frå same veke viser at Midtsiden.no er betre besøkt enn blant anna TV Norge, Vårt Land, Moss Avis og Østlandets Blad.

Her er nokre besøkstal frå andre nettaviser/sider (unike besøkande, veke 43 2009):
VG.no                 1.270.448
Dagbladet.no         682.122
NRK.no                  399.515
TV2.no                  261.211
BT.no                    102.216
BA.no                      66.699
Filmweb.no              44.211
Haugesunds Avis      29.237
Drammens Tidende  25.100
P4.no                      19.845
Dagsavisen.no          19.350
Budstikka.no            14.514
Agderposten.no        12.111
Midtsiden.no                11.890
TVNorge.no              11.478
Moss-Avis.no              9.031
Vårt Land                   8.984
Østlandets Blad          6.819
Brann.no                   6.606
ViiVilla.no                  5.857
Kampanje.no             5.009
Journalisten.no          4.119
Avisa Valdres             2.223
Radio1.no                    985

Når det gjeld sidevisingar skårar også Midtsiden.no høgt. Med 78.893 sidevisingar i veke 43 har aktiviteten på Midtsiden.no vore høgare enn på både Lommelegen.no, Teknisk Ukeblad og Trønder-Avisa.

Her er nokre trafikktal frå andre nettaviser/sider (sidevisingar, veke 43 2009):
VG.no                 39.388.248
Dagbladet.no        5.190.434
BT.no                      833.592
BA.no                      464.087
Filmweb.no              220.333
Drammens Tidende  190.396
P4.no                      154.711
Dagsavisen               96.016
Midtsiden.no                  78.893
Lommelegen.no         69.286
Moss Avis                  61.177
Teknisk Ukeblad        54.419
TVNorge.no                52.000
Østlandets Blad          38.599
Kampanje.no             19.499
Journalisten.no          14.144
Radio1.no                   1.478

Kjelde: TNS Gallup
(Midtsiden.no har førebels ikkje sendt inn statistikk, og er derfor ikkje å finna på lista.)

Lojale og internasjonale lesarar
Ifølgje Google Analytics har Midtsiden.no sine lesarar vore lojale. Over 60 prosent er innom dagleg, 37 prosent besøkte Midtsiden.no meir enn 50 gongar dei siste tre vekene og 14 prosent besøkte Midtsiden.no over 200 gongar på 21 dagar.

Dei siste tre vekene har vi hatt 291 besøk/lesarar frå USA, 280 frå Sverige, 250 frå Danmark og for eksempel 107 frå Australia, 53 frå Thailand og 20 frå Sør Korea.

Fleire saker