Næringsliv | 17. feb. 2011

Gode flak med nytt belegg

Os Sandblåsing vil jobba seg opp etter finanskrisa med nytt vestlandsagentur på vedunderstoff frå USA.

Gode flak med nytt belegg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. feb. 2011 08:49

– Vi merka finanskrisa godt, men har klart oss fint gjennom nedgangstidene og har god tru på tida som kjem, ikkje minst med dette nye supplementet, seier Bjørn Orrebakken.

Orrebakken og medeigaren Martin Bjelland måtte sjå omsetnaden gå ned frå 8,6 til 6,2 millionar kroner frå 2007 til 2009.

Men i desember kom dei i gang med Rhino Linings, og allereie i januar strøymte kundane på.

– Forsvaret og Mesta har vi tatt fleire behandlingar for, men også ein del mindre firma har fått oppleva effekten av denne spesielle high-tech overflata:

Mjukt, sterkt og vasstett

Os Sandblåsing har agentur frå Vest-Agder til Møre og Romsdal på Rhino Linings.

Produktet blei utvikla av ein tilsett på eit steinknuseverk i USA. Han hadde sett korleis transportband og anna utstyr blei skadd og stygt av all grusen.

– Stoffet minnar om gummi, men blir sprøyta på. Det kjem i tre typar, eitt som er ganske hardt, eitt som er ekstremt elastisk og eitt som tåler kjemikaliar som syre og bensin ekstra godt.

– Rhino Linings kan sprøytast på i fleire ulike tjukner, frå få millimeter til fleire centimeter, alt etter bruksområde.

Frå pickup til Pentagon

Produktet blei utvikla på slutten av 80-talet, kom til Europa ein del seinare og er ganske nytt i Noreg.

Rhino Linings er leiande polyurethane-merke på verdsbasis, og ifølgje Orrebakken er det berre fantasien som set grenser for bruksområde.

– Stoffet blir blant anna brukt på tankbilar i Afghanistan. Kjem det skothol tettar det seg nemleg sjølv. Også delar av Pentagon skal vera dekka av Rhino Linings. I Os har vi spraya alt frå lasteplan på pickupar til konteinarar som blir brukt til å ha utstyr i ved graving og utskyting av tunellar.

– Men eg ser òg for meg bruksområde som tankar for vatn og avlaup, golv, tak – eigentleg alt som skal beskyttast mot korrosjon, slitasje og vatn. Det kan sprøytast på stein, betong og tre, så det er få grenser også når det gjeld underlag, seier Orrebakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.