Lokal | 03. des. 2019
Gode kontrollresultat i Os
Vegvesenet har vore på post i Hjellemarka og på Halhjem ferjekai.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. des. 2019 21:06
Tysdag hadde Statens vegvesen trafikkontroll på E39 Byvegen ved Hjellemarka og på Halhjem ferjekai.
– Dei fleste hadde ting i orden i dag, seier John Kåre Larsen.
Det blei skrive to gebyr for manglande kjetting og delt ut eitt bruksforbod grunna gjenstandar i siktsona.
Nesten alle hadde lysa i orden òg, her blei det berre skrive éin mangellapp.
Den eine som blei kontrollert for køyre- og kviletid hadde alt på stell.