Gode minne opp i røyk
Mange møtte fram for å ta eit siste farvel med kafeen i Mobergsvikjo onsdag kveld.


Onsdag ettermiddag blei den gamle kafeen i Mobergsvikjo brent ned. Brannvesenet hadde først øving i huset, med røykdykkarar og nytilsette.
- Vi starta ein brann inne og sat og såg på røykutviklinga, og seinare varmeutviklinga, då røykgassen tok fyr, fortel brannsjef Stein Gjøsund.
Etterpå var det tradisjonell trening i brannsløkking.
- Når vi har røykdykkarar inne så er det ikkje berre til å pøsa på med vatn, for då blir gassane pressa ned over røykdykkarane, som då kan bli grilla. Pulserande støyt er tingen, meiner Gjøsund.
Eit stort pressekorps, med både foto- og filmkamera, var også på plass. Både fotografar og publikum fekk gå ganske fritt rundt bygget medan det sto i flammar.
- Omgjevnadane var fine, og ingenting var i fare for å ramla ned på nokon, forklarar brannsjefen.
- Men då vinden kasta røyk ned, måtte vi flytta nokon av tilskodarane. Enkelte sto til og med midt i røyken og røykte, ler han.
Blant tilskodarane var også ordførar Terje Søviknes og partikompis Gustav Bahus.
- Kva er dykkar beste minne frå Vikjo som utestad?
- Dei kan du ikkje setja på trykk, ler Bahus.
- Ettermiddagar med jazzmusikk på 17.mai er noko av det eg kjem til å hugsa som beste minne, svarar Søviknes.