Lokal | 30. sep. 2015

Godkjende Lurane-utbygging

Utbygginga på Luranetunet godkjent av kommunestyret med tropehage til 20-25 millionar kroner.

Godkjende Lurane-utbygging
Tropehagen på Luranetunet ligg inne i totalentreprisa. Truleg er kostnaden isolert sett mellom 20 og 25 millionar kroner (ill: hlm arkitektur/Os kommune)
Andris Hamreonsdag 30. sep. 2015 10:53

Tysdag i førre veke signerte ordførar Terje Søviknes (Frp) kontrakta med Rune Sande i Consto Bergen AS på bygginga av Luranetunet. Signeringa blei gjort under føresetnad av at kommunestyret ville godkjenna kontrakta på 170 350 000 kroner ekskl. mva. Det gjorde dei i går, men ikkje før Espen Aspenes (Frp) hadde utfordra Arbeiderpartiet på om dei var for eller imot prosjektet.

– Det har vore eindel støy om dette i valkampen. Eg vil avkreve eit svar frå Ap om dei er for eller imot prosjektet. I valkampen har de definert tropehagen som kjekt å ha og at ein no må prioritera. Er det ein skilnad på den sittande gruppa og den nye gruppa til Ap. Vil de gå for dette eller mot eit kontraktsbrot, undra Aspenes.

Kva kostar tropehagen?

Harald Døsen (Ap) rekna med å få det spørsmålet frå posisjonen.

– Kvar gong Ap har kritisert lånegjelda så har vi fått tilbake at vi har vore med på det. Difor stilte vi spørsmål om dette i valkampen. Veit vi eigentleg kva tropehagen kjem til å kosta i investering og drift, svara Døsen.

Eit anna spørsmål som kom opp om kostnader kom frå Terje Sperrevik (TvS).

– Er uteområda og sansehagen og dei kvalitetane som ligg i den inkludert i kostandane. Om det er det, så er dette eit skryteprosjekt vi alle, ikkje berre Søviknes, kan vera stolte av.

20-25 millionar

Prosjektsjef Tor-Inge Døsen som i innleiing på saka hadde presentert teikningane og innhaldet i prosjektet svara så godt han kunne.

– For å ta det enklaste først. Uteområda er med, ferdig planta og alt. Til og med eit lite drivhus har vi fått med.

– Når det gjeld tropehagen, så har vi ikkje fått eigne tal på den. Vi har ei totalentreprise med eitt tal kor denne ligg inne, men eg vil tippa at den kjem på mellom 20 og 25 millionar kroner å byggja.

– Kva den kjem til å koste å drifta har eg ikkje rekna på, men heile bygget er klassifisert i energiklasse 2. Det er eit godt energibygg og eitt av dei beste bygga vi har inkludert tropehagen.

Henter varme frå 250 meters djup

Prosjektsjefen fortalde at ein har lagt opp til geovarme som energikilde.

– Det betyr at vi skal henta varme frå 250 meter nede i bakken om vinteren og dytta overskotsvarme ned der om sommaren. I mest heile gulvet i tropehagen blir det lagt varmesløyfer som vi nyttar til kjøling om sommaren. Vi løfter det til ein heilt annan dimensjon enn det som er vanleg i sjukeheimsdrift, påpeika Døsen.

Må ha med FDV-kostnader

Også kommunalsjef for pleie, omsorg og beredskap, Nils-Petter Borge, innleia på saken.

– Dette er eit stort løft for eldreomsorga i Os. Vi har lagt opp til ei gradvis innfasing av plassane. Ikkje berre skal dei fyllast med pasienter, men vi skal òg tilsetta ein god del nye folk. Vi må passe oss vel for ikkje å gå i den same fella som einskilde andre kommunar har gjort ved å opne opp for mange plasser samstundes. Det er dei med størst behov som skal få plass.

– Ei kalkyle for innfasinga syner at vi fra 2017 til 2020 vil komma opp i 34,4 millionar kroner i driftskostnader per år når vi har full drift. Det er òg viktig at vi tek med oss dei auka FDV-kostnadene (Forvaltning, drift og vedlikehold, journ.mrk) når vi set opp budsjetta i framtida, påpeika Borge.

Noko av dei auka driftskostandane ser Borge for seg å ta inn på sparte vikarkostnadar.

Vil utvikla den gamle sjukeheimen

På spørsmål frå Terje Sperrevik om kva tankar Borge hadde gjort seg om den gamle sjukeheimen svara han at det var noko ein no ville sjå på.

– Det som er sikkert er at den ikkje skal rivast, til det er bygningskroppen i for god stand. Vi har mange gode tankar, men no var det viktigaste å koma i gang med nye Luranetunet, så får vi nytta byggeperioden til å sjå på kva vi skal gjera nede på den gamle sjukeheimen. Det kan vera lokalmedisinsk senter, spesialisthelseteneste eller lokale til ope omsorg, nemnde Borge som døme på bruk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.