Lokal | 21. feb. 2019

Godkjente 24 bustadar ved Borgafjell skule

4,5 år etter oppstartmøte er reguleringsplanen godkjent.

Godkjente 24 bustadar ved Borgafjell skule
Sånn ser søkjar for seg plassering av seks firemannsbustadar mellom Hegglandsdalvegen og Vallaelva (t.h.). (Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. feb. 2019 09:28

Bildeserie:

(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Foto: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Foto: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
1 av 4
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Foto: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)
(Ill.: Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS)

Os kommunestyre godkjente tysdag reguleringsplan for gnr/bnr 62/4 i Hegglandsdalvegen, vis a vis Borgafjell Barnehage og komande ny skule aust om elvo.

Oppstartmøtet blei halde i august 2014, første planforslag blei levert i mars 2015. Men krav frå Statens vegvesen om 30 meter avstand frå fylkesveg, mot forventa 20 meter, sette den gong ein stoppar for planen.

• Les òg: Administrasjonen meiner planen ikkje er klar (mars 2016)

Søkjar er Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS på vegne av grunneigar og to firma i byggebransjen.

– Vi er glade for å endeleg få planen godkjent, seier ein av tiltakshavarane, Fredrik Storum frå Prosjekt Vest Bygg AS.

Rekkefølgekrav gjer at ingen kan flytta inn i bustadane før fortau mellom Hauge og Valla er ferdig, eit arbeid som er påbegynt. Men bustadane kan seljast og byggast.

– Det blir nok salsstart før fellesferien, så kjem vi til å følgja med på framdrifta med bygging av gang- og sykkelveg det ytste stykket av Hegglandsdalvegen, seier Storum.

Vil bygga 6 firemannsbustadar

På tomta vil dei bygga seks firemannsbustadar og tre einebustadar.

– Vi skal bygga 12 av dei 24 einingane. Alle blir på mellom 80 og 90 kvadratmeer med tre soverom. Det er eit fint område, ikkje minst med den korte avstanden til barnehage og komande skule, så vi er spente på responsen.

Rundt 1,9 mål er sett av til leik og anna fellesareal.

Store delar av det 30 meter breie beltet mot fylkesvegen er lagt inn med grøn struktur. I motsett ende er det eit belte på frå 10 til 17 meter mot Vallaelva. Dette blir verande som naturområde.

Delvis omdisponering av dyrka mark

Søkjar skriv i reguleringsplanen at landbrukseigedomen er liten, og av denne er det berre 4,3 mål dyrka mark. Marka er ikkje driven dei siste ti åra, og at den er så dårleg drenert at du ikkje kjem utpå med maskiner.

Landbrukskontoret ser ikkje dårleg drenering som argument, det er støtteordningar til utbetring av slike forhold, og konkluderer i sin uttale med å rå ifrå at fulldyrka areal i planområdet blir omdisponert.

«Dette arealet har verdi som jordbruksareal, er lettdrive og kan nyttast på fleire måtar. Ei omdisponering er i strid medjordlova. Det er dei 4 dekara med fulldyrka areal det står om for landbruket sin del. Dei andre, skogkledde og grunnlendte areala har ingen slik verdi og kan byggast på, så lenge det ikkje fører til driftsulempe.»

Om planen likevel skulle bli godkjent med omdisponering av den fulldyrka jorda ber landbrukskontoret om jordflytting.

Vedtatt med 33 mot 2 stemmer

Jordflytting var tema hos den einaste som ba om ordet i saka, Nils-Anders Nøttseter (MDG).

– For det første undrar eg meg om det er uttalen frå 2014, der landbrukskontoret er positiv til planen, eller den frå november 2018, der dei stiller seg negativ, som er gjeldande. Det andre eg lurer på er kva som blir konsekvensen når vi vedtar ein plan på vilkår om jordflytting. Det som skjedde på Nygård, der det enda med at «dei som ville ha matjord kunne koma å henta» er ikkje godt nok. Det må vel ligga som eit krav?

Kommunalsjef Aina Tjosås kom med svar.

– Det er uttalen frå november 2018 som ligg til grunn. Vi har sett til Nordhordland, som har utarbeidd ein ganske god plan, og vi jobbar med å få ein oversikt over kven i Os som har behov for jord. Det er ikkje sånn at vi kan ha dette liggande lagra i stablar til noko for bruk for den.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak: I medhald av § 12-12 i plan-og bygningslova godkjenner kommunestyret framlegg til detaljregulering for Valle grn/brn 62/4 m.fl, datert 12.11.2018, med tilhøyrande føresegner.

Saka gjekk til votering og blei vedtatt med 33 mot 2 (MDG) stemmer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.