Godkjente bølgjebrytarplanen
Reguleringsplanen for bølgjebrytarane blei vedteken, men ikkje utan strid.
Både Gustav Bahus (Frp), Trine Lindborg (Ap) og Espen Aspenes (Frp) fekk habiliteten sin vurdert då reguleringsplanen for bølgebrytarane skulle starta opp i plan- og bygningsutvalet for omlag eitt år sidan. Då blei dei alle tre vurdert som habile.
Det blei dei ikkje i kommunestyret rett før jul, då planen skulle endeleg godkjennast. Lindborg, som bebuar i Os sjøfront, og Apenes, som leverandør av flytebryggene innanfor Oseanamoloen blei kjend gilde, men Bahus, som styremedlem i Os Marina, måtte gå og setta seg bakerst i salen.
– Rådmannen har no vore i kontakt med juristen og om ein les forvaltningslova §6 pkt e om å vera fast medlem i eit styre, så tilrår eg at han er ugild, berre for å vera heilt på den sikre sida, konkluderte ordførar Marie Bruarøy (H).
Mot bølgebrytarane og reguleringsplanen
Berre timen tidlegare hadde kommunestyrerepresentantane drøfta investeringsbudsjettet kor oposisjonen gjekk inn for å ta ut dei 20 millionane som var lagt inn til bølgjebrytarane, noko posisjonen ikkje var med på og dei blei dermed liggande i budjsettet.
– MDG stemmer mot reguleringsplanen. Det har vi gjort kvar gang det har vore oppe. Vi er kritiske til pengebruken, men også negativ til den estetiske vurderinga, innleia Nils-Anders Nøttseter (MDG) som også hadde satt seg inn i kjøpsavtalane mellom Os sjøfront, kommunen og Os Marina kor Tor Inge Døsen var ein sentral mann på vegne av Os sjøfront.
– Den første bølgjebrytaren som låg foran Os sjøfront hadde fleire uhell og blei fjerna. Rapporten som ikkje ligg ved rapporten peiker på at det kunne kosta 2 millionar med ein sving som skjerma marina-anlegget. Os kommune kjøpte delar av marinaen. No har kommunen brukt ti-tals millionar og låser hamna med ein tannregulering som skjemmer den fine utsikten vår.
– Eg presiserer at det ikkje er snakk om korrupsjon, men vi skal ha opne prosesser i kommunen. Transparency International må få konsekvenser, meinte Nøttseter.
Motstridande rapporter
Espen Aspenes (AP) rydda først opp i ei eventuell misforståing om at hans firma hadde vore involvert i leveransen av bølgjebrytaren som havarerte. Det hadde dei ikkje.
– Vi har meint at dette er eit godt prosjekt og har vald å prioritera det opp gjennom åra. Aquasafe har levert minst ein rapport, Sintef har kommentert den og Multiconsult har kommentert det. Dei er litt motstridande. Eg tolker det litt sånn at ein til ein viss grad kan få det svaret ein ønskjer.
– Sintef er uroa over signifikante bølgehøgder på 3-4 meter. Det tilsvarer ei bølgje på 12 meter, då signifikansen er berre den øvste tredjedelen på ei bølgje. Sjølve moloen er bygd for å tåle bølgjer på 4 meter. Når ei 50-årsbølge er på 2,2 meter, så meiner eg at vi er på ein fornuftig pris.
– Vi meiner dette vil bli eit godt prosjekt og ein viktig generator for liv på Øyro. Eg har tru på at med den geografiske plasseringa Os har, så er vi passarspissen reint geografisk for båtturismen. Det må vi utnytta, påpeikte Aspenes.
Har for liten effekt
Harald Døsen (Ap) ville gå inn for reguleringsplanen, men ikkje å bygga bølgjebrytarane no.
– Bakgrunnen for det er at om vi ein eller annan gang i framtida finn at vi skal ha dei, så ligg i allefall reguleringsplanen klar. Vi går ikkje inn for bølgebrytarane berre av økonomiske skil, men også rapportane vi har fått frå Aquasafe som viser at reduksjonen ikkje er meir enn 74-75 prosent med bølgjer under 3 meter. Er det liten storm, så er reduksjonen mellom 0-25. Det er med på at vi ikkje kan satsa på desse no. Om det ikkje har større effekt, så er det heilt bortkasta penger, argumenterte Døsen.
– Får ikkje flatt hav om det bles storm
Ståle Skaatun (H) presiserte at det no var reguleringsplanen dei skulle handsama.
– Den er ein forutsetnad for å få bølgjebrytarane. Vi er positive til bølgjebrytarane og vi er positive til reguleringa. Desse er veldig viktig for Os sentrum.
– Vi ser at ein med ei opning på 36 meter så kan vi med ein sårbar vindretning kunne få bølgjene til å stiga opp i elva. Vi ser at det kan vera ein svakhet, men samstundes så ser eg at sjølv med ei regulering så treng vi ikkje legga alle plasseringane no.
– Det som er viktig å ta med når vi har lest rapportane så blir det ganske klart at det er ei demping som er fullgod i sommarhalvåret, men vi vil ikkje få flatt hav om det er storm, avslutta Skaatun før reguleringsplanen blei godkjent mot fire røyster.