Sport | 21. okt. 2012

Godt forsvar gav siger

Handballdamene til Os Turn sto som ein mur i forsvar då dei slo Fyllingen 24-17 sundag ettermiddag.

Godt forsvar gav siger
Irene Tangerås, her i treningskamp mot Volda, blei toppskårar med 8 mål mot Fyllingen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresundag 21. okt. 2012 20:47

Medan herrene spelte på heimebane tok damelaget til Os Turn turen til Framohallen for å møte eitt av dei topptippa laga Fyllingen.

- Kampen blei som forventa.

- Fyllingen er gode i forsvar, men det var vi òg i dag, fortel Ostrenar Erlend Lyssand.

Jobba med forsvaret

Lyssand fortel at fokuset på treningane den siste tida har vore nettopp på forsvarsspelet.

- I dag får vi betalt for det.

- Samarbeidet mellom Vibeke Ingebrigtsen i mål og jentene framfor ho var det beste eg har sett på lenge, skryt Lyssand.

Tre mål på 17 minutt

Så godt var samarbeidet at Fyllingen berre klarte å skåra tre på dei første 17. minutta.

- Vi jobba aggressivt og godt som eit lag bakover.

- Framover bau kontringane seg som følge av godt forsvarsspel. Diverre kastar vi vekk litt for mange ballar og tek for raske avslutningar, men vi får justert oss i 2. omgangen.

- Då viser vi oss fram som det gode laget vi er, meiner trenaren som trekk fram Vibeke Ingebrigtsen, Irene Tangerås og Line Hjelle Berentsen som lagets store spelarar i kampen.

Fyllingen - Os 17-24 (9-14)
Utvisningar: Fyllingen 2x2 min, Os 4x2 min
Os sitt lag: Irene Tangerås (8), Marte Haugsdal, Anna Bjørke Kallestad (1), Tonje Hjertnes (4), Emilie Hjertnes, Maria Stangeland Lunde (3), Marte Øvreeide (3), Line Hjelle Berentsen (4), Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle, Vilde D. Fyllingen, Vilde Brattabø (1).

Tøff dobbelhelg

Komande helg ventar to tøffe kampar på heimebane då Os tek i mot Årstad laurdag klokka 16 og Kjøkkelvik sundag til same tid. Dei to laga ligg henhaldsvis på plassen framfor og to plassar bak Os.

- Det blir to tøffe heimekampar. Vi må halde trøkket oppe på treningane denne veka.

- Både Årstad og Kjøkkelvik har forsterka laga sine, men speler vi som i dag bør det gå vegen, meiner Lyssand.

SJÅ TABELL OG RESULTATA HER

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.