Lokal | 12. okt. 2018

Godt i boks

Mange osingar nyttar seg av lageret i Os Næringspark.

Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 12. okt. 2018 15:51

Då Lagersjefen AS etablerte seg i næringsparken i september 2017, var dagleg leiar Fredrik Sagen spent på korleis marknaden ville vera i Os.

Eit drygt å seinare kan Sagen melda om ei god mottaking.

– Vi har no omlag 60 prosent belegg på dei 103 bodane vi har til utleige, fortel Sagen.

– Dette er som forventa, og noko vi er godt nøgd med. Det var heilt klart ein marknad for denne typen lager i Os.

Brei kundegruppe

Lagersjefen AS tilbyr lagerplass i ulike storleikar, og du kan leiga deg ein enkel kubikk lagringsplass om du vil. Treng du ekstra mykje plass, til dømes når du skal flytta til mindre bustad, kan du leiga deg ein passande bod mens du finn ut kva du til slutt skal behalda.

– Vi har leigetakarar i alle kategoriane her i Os, fortel Sagen. Vi leiger ut til folk som er på flyttefot, som treng ein stad å mellomlagra ting. Andre nyttar lageret som sportsbod. Då har dei gjerne skiutstyret ståande der i sommarhalvåret, mens i vinterhalvåret nyttar dei boden til hagemøblar og liknande.

Mens nokre kundar berre er innom for ein kortare periode, fortel Sagen at dei har kundar som har vore med sidan opninga i 2017.

– Dessutan har vi ein del næringskundar som nyttar lageret som eit fjernlager, legg Sagen til.

Nøgde kundar

Sagen fortel at ein ting har har vore spesielt med Os; nemleg dei gode tilbakemeldingane.

– Vi har veldig fokus på sikkerheit og god service, og kundane i Os har vore ekstra flinke på å gje oss gode tilbakemeldingar på nettopp desse felta. Dette fortel oss at vi har truffe marknaden godt med tilbodet vårt.

– Etter at kundane har fått tilgang til lageret sitt, er dei i all hovudsak sjølvgåande; dei kjem seg inn og ut via mobiltelefonen, og alle bodane er låste med hengelås som vi syt for.

Lagerkrigen

– På TV kan ein sjå program frå USA kor innhald i lager som vert forlete, vert auksjonert vekk. Er dette noko ein kan oppleva her i Os?

– Nei, her i Noreg er regelverket ganske annleis, så nei, dette er ikkje realistisk for bransjen her i Noreg, svarar Sagen.

– Dessutan trur eg ikkje det er kultur for nettopp denne typen auksjonar i Noreg, men eg må innrømma at eg har sett ein del episodar.

– Det er jo litt morosam underhaldning for oss som er i bransjen, avsluttar Sagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.