Haustprogrammet til Oseana sel allereie godt. Til «Dr. Bergland bryter taushetsplikten» er det knappe 40 billettar att. (Pressefoto) 

Den «hemmelege» haustsuksessen

Nesten utselt: Visste du at delar av haustprogrammet til Oseana allereie ligg ute for sal? 

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Dei siste åra har det vore tradisjon at kunst- og kultursenteret slepp vårprogrammet sitt i byrjinga av desember, og haustprogrammet like før sommarferien.

Om du er litt om deg, kan du via nettsidene til Oseana, og via Ticketmaster allereie no sikra deg billettar til delar av haustens program.

Doktoren og Bukkene Bruse snart utseld

Siste annonserte arrangement i Oseana før sommaren, er «Oldtimers Bigband», laurdag 15.juni. Neste ut er «Ausekarane - Ferjelaus og steik forbanna», laurdag 24.august. 

Eit kjapt søk på Ticketmaster sine nettsider fortel at både «Dr.Bergland bryter taushetsplikten», 18.oktober og «Bukkene Bruse vender tilbake og setter fyr på rompa til trollet!», 6.september er i ferd med å selja ut.

Øystein Sunde og Meget i Sløyd «På nye eventyr» 8.september er ikkje halvseld enno, men dei fleste setene rett framfor scenen er allereie tekne. 

To ulike sesongar og to ulike slepp

På spørsmål om kvifor mykje av haustprogrammet allereie ligg ute, har markeds- og kommunikasjonsansvarleg ved Oseana, Veronica Søilen Halhjem følgjande svar;

– Vi legg litt meir pomp og prakt i lanseringa av vårprogrammet. Det har vi gjort i ei årrekkje no. Sleppet av haustprogrammet er òg prega av at det ligg ein sommarferie midt inni der, og då treng vi få ut infoen før folk går i feriemodus. 

– Til sleppet av vårprogrammet ønskjer vi at så lite som mogleg skal vera røpt, før vi slepp eit samla program i byrjinga av desember.  Om ein artist eller eit managment ønskjer det, legg vi sjølvsagt arrangementet ut før felles-sleppet, men vi oppmodar i stor grad artistane og arrangørane til å vera med på vårt slepp. 

Humor sel bra

Halhjem fortel at osingane er raskt ute med å skaffa seg billettar til humor- og stand up-showa.

– Det er kjekt å sjå at humor og stand-up sel så bra som det gjer no.

– Nettopp ei auke i dette segmentet var eit ønskje frå publikum, og responen har ikkje latt venta på seg.

– Det same gjeld Riksteatret sine framsyningar; her sit folk klare, og i det billettane vert lagt ut, tek salet av. Bukkene Bruse-framsyninga i september er som kjend så godt som utseld allereie.

Ekstraframsyning?

– Av og til vert det sett opp ekstraframsyningar - korleis fungerer dette, er dette noko de har opsjon på i høve til artisten?

– Nokre gongar har vi det, men dette er noko som vert vurdert fortløpande.

– Det er vi som kulturhus i regionen som kjenner publikummet best, og til dømes var vi veldig klare for ekstra framsyningar på «Georgs magiske medisin» som nyleg var her. Grunna turné-planane til Riksteatret let det seg dessverre ikkje gjera denne gongen.

Ligg det ute nylege oppdateringar som publikum bør vera obs på?

– Ja, vi la nyleg ut Ausekarane for sal på Ticketmaster, men vi har ikkje fått oppdatert heimesidene våre med den enno.  Det same gjeld Are Kalvø sitt «Hyttebok frå helvete», avsluttar Halhjem. 

Litt kuriosum: Lindesnes Trekkspillklubb spelte på Oseana 22.februar.  Allereie no kan du sikra deg billett til neste konsert - 28.februar 2020. 

Fleire saker