Sport | 04. nov. 2013

Godt utgangspunkt for damene

Damelaget til Os speler kvalifisering til opprykk, og gjorde ein god bortekamp mot Rubbestadneset.

Godt utgangspunkt for damene
Guro skåra også då Os vann 7-1 over Stord 2 i oktober. (Foto: Christina F. Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. nov. 2013 13:38

Etter å ha landa på 2. plass i 4. divisjonsavdelinga si blei Os sitt damelag klare for kvalifisering til opprykk.

I går blei første av to kampar spelt, på bortebane mot Rubbestadneset.

– Vi fekk ein god start med skåring etter knapt eitt minutt, fortel trenar Cato Moldskred.

Guro Drange Veglo frå J16 gav Os 0-1-leiinga. Leiinga sto seg til rundt 15 minutt ut i 2. omgang.

– Rubbestadneset var eit godt lag og 1-1 på bortebane er eit fint utgangspunkt for oss.

Søndag møter Rubbestadneset Hordabø, søndag 17. november (kl 14 på Kuventræ) skal Os spela siste og avgjerande kamp mot Hordabø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.