Good Time Charlie

Jubelblues

Good Time Charlie er attende i Oseana!
 
Sist dei vitja oss ville publikum ha meir og dei ville helst ikkje gå att - difor er det ekstra stas at Good Time Charlie no kjem attende - denne gong med Jubelblues! 
 
Musikken er i kjend GTC stil – energisk «rhythm and blues». Tekstane er på vestlandsdialekt, og songane er lette å syngja med på. Her finst både positivt innhald, mykje humor, dans og fri fantasi. Jubelblues er gøy for små og store, og bandet har ei unik evne til å skapa god og kreativ kontakt med publikum. Her kan alle i salen delta – det handlar om å få brukt spontaniteten sin på ein god og leikande måte.
 
Ein barne- og familiekonsert med garantert god stemning - velkomen!
 
Ord: 150,­

Lørdag, november 2, 2019 - 13:00