Sport | 15. juni 2009

- Gøy å dømma!

Os har fått rundt 20 nye dommarar det siste året, og har tett samarbeid med krinsane. Norenesingen Emilie Heltne er førebels einaste jente blant dei unge dommarane.

- Gøy å dømma!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juni 2009 13:11

Bildeserie:

1 av 3

Emilie Heltne har spelt fotball sidan ho byrja å trena saman med gutane då ho gjekk i 2. klasse. No har ho fått seg ein liten jobb ved sida av skule og trening, som fotballdommar.

- Pappa har dømt ein del kampar. Eg syntes det såg kjekt ut og fekk lyst til å prøva, fortel Os sin einaste jentedommar.

Faren forklarte litt og så kom ho i gang, ein gong i sesongen i fjor. I vinter var ho på dommarkurs på Os.

- Kva er det vanskelegaste med å vera dommar?

- Eg dømmer dei yngste laga, så oppgåva mi er like mykje å hjelpa dei som å dømma kampen. Men når dei spelar litt tett og det så bli kast, så er det litt vanskeleg å sjå kven sitt kast det er.

- Hender det at det er ubehageleg å vera dommar?

- Det er gøy å dømma, men eg har vore med på éin episode. Ei jente blei litt skadd i ein duell, og etter kampen kom pappaen og kjefta på meg for at eg ikkje hadde dømt frispark. Det var litt ekkelt.

Emilie tok det likevel fint, og svarde at gjort er gjort. Stort sett opplever ho at foreldre og trenarar oppfører seg fint, og forstår at dommarjobben ikkje berre er enkel.

- Tok tak i fjor
Os har hatt få dommarar dei siste åra, men i fjor tok Vidar Bahus tak og arrangerte kurs for 15 ungdomar.

- Fleire av desse har heldt fram som dommarar, og no har vi fått fleire nye. I vinter hadde vi både klubbdommarkurs og rekrutteringsdommarkurs, sistnemnde eit kurs ein treng for å dømma 7-ar og 11-ar-kampar, fortel Eivind Fauske.

Fauske blei i vinter dommarkontakt for Os Turn Fotball, eit verv som er gjenoppretta etter fleire år med låg aktivitet rundt dette med dømming.

- Os har no 20 dommarar, 9 av dei kan dømma 7-ar og 11-ar-kampar. I tillegg har vi godt samarbeid med krinsane, både på opplæring og bruk av desse unge talenta.

Han synes det er ekstra kjekt å få ei jente med som dommar.

- Fotball er stor idrett også blant jenter, og for dei yngste jentelaga er det nok stas å få Emilie til å leia kampen, trur han.

Blir betre spelarar
Fauske seier Os får skryt av fotballkrinsen for satsinga si, saman med Fair Play-fokuset.

- I tillegg til ein interessant kvelds- og helgejobb får ungdomane erfaring som kan gjera dei til betre fotballspelarar. Fleire fagfolk hevdar at dei som dømmer kampar får ei betre speleforståing, og ikkje mint; betre haldningar.

- Når du har prøvd å dømma sjølv så er det nok lettare for å ikkje skulda på dommaren om noko ikkje går vegen. Då blir det også betre fokus på eigne og laget sine arbeidsoppgåver, seier Eivind Fauske.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.