Utsnitt av «Oppstilling med blyant» av Erling Valtyrson. (Pressefoto)
Utsnitt av «Oppstilling med blyant» av Erling Valtyrson. (Pressefoto)

Grafikar Erling Valtyrson til Vedholmen

Haustar internasjonal anerkjenning for bruken av ein 300 år gammal teknikk.

Kjetil Osablod Grønvigh
13. oktober 2020 - 10:59

 På laurdag inviterer Vedholmen Galleri vernissage og opning av utstillinga «MEZZOTINT ERLING VALTYRSON»

Grafikaren Erling Valtyrson har hatt ei rekkje utstillingar verda over, og det er no tredje gongen han stiller ut på Vedholmen Galleri. 

Internasjonalt anerkjend grafikar

Dagleg leiar ved galleriet, Vibeke Harild, fortel at Valtyrson sin bruk av teknikken «Mezzotint» har hausta internasjonal anerkjenning.

– Denne djuptrykk-teknikken er 300 år gammal, og har no blitt Valtyrson sitt varemerke.  

– Teknikken gjev spesielt gode moglegheier  for djupne i nyansar og graderingar som får fram mjuke overgangar i lys og skugge. Valtyrson jobbar innanfor ei rik motiv-verd, med blant anna stilleben, landskap og portrett.

Valkyrson har blant anna stilt ut på Arsène Bonafous-Murat, i Nasjonalbiblioteket i Paris, og han er teke opp tatt som medlem i Société des Peintres-Graveurs Francais, det òg i Frankrike. 

Arbeida til Valyrson har blitt vist på Olimpa Theodoli i New York og på Artgraph i Nagoya, Osaka, og Kobe i Japan. I tillegg har han ei rekkje juryerte utstillingar og prisar i Korea og Japan.

I Noreg har Valtyrson eit stort og interessert publikum, og verka hans er ettertrakta av samlarar. Du finn verk av Valtyrson hos Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd, Museet for Samtidskunst, KODE, og i HKH Dronning Sonjas Private Samling. 

Utsnitt av «Objet Trouvé». (Pressefoto)
Utsnitt av «Objet Trouvé». (Pressefoto)

Musikk frå Manar Alhashemi

Harild fortel vidare at musikar Manar Alhashemi vil syta for det musikalske bakteppet på laurdagens vernissage. 

– Alhashemi har fleire musikkprosjekt med musikk- og kunstundervisning for flyktningborn i Jordan og Noreg. Alhahemi er sjølv tidlegere flyktning, og no busett i Os.

– Han har spelt saman med Knut Reiersrud og Håkon Kornstad på «Skjønnhet Utenfra-musikkprosjektet» for å skapa venskap mellom norske musikarar og musikarar med flykttningbakgrunn. I dei siste par åre har Alhashemi også etablert to band; «Habibz» og «Sharqant».       

Alhashemi er fødd og oppvaksen i Homs i Syria, og er utdanna på musikkonservatoriet der.

Utstillinga til Valtyrson står på Galleri Vedholmen fram til 15. november.  

 

Les meir om

Kultur