Kultur | 14. feb. 2019

Grafikk, maleri og skulptur

På laurdag er det duka for ny utstilling på Vedholmen Galleri. Denne gongen med tre kunstnarar.

Grafikk, maleri og skulptur
Henriette Hagelien stiller ut på Vedholmen Galleri frå laurdag av. (Foto: Vedholmen Galleri)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. feb. 2019 19:54

Bildeserie:

Det same gjer Rino Larsen. Her eit utsnitt frå «Funktropia» (Pressefoto)
Det same gjer Rino Larsen. Her eit utsnitt frå «Funktropia» (Pressefoto)
Vibeke Harild stiller sjølv ut keramikk. (Arkivfoto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Vibeke Harild stiller sjølv ut keramikk. (Arkivfoto: Kjetil Osablod Grønvigh)
1 av 2
Det same gjer Rino Larsen. Her eit utsnitt frå «Funktropia» (Pressefoto)
Vibeke Harild stiller sjølv ut keramikk. (Arkivfoto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Årets første utstilling var med italienske, men bergensbaserte Manuel Portioli.

Som i eit kinder-egg, vert det denne gongen tre kunstnarar å få oppleva.

Henriette Hagelien er for Vedholmen Galleri er eit kjærkome gjensyn.

Ho stiller ut med maleri, og har bak seg ei karriere på 40 år, og har vore med i kunstnargruppa til Vedholmen Galleri sidan 2014.

Vibeke Harild stiller ut abstrakte og figurative skulpturar i keramikk og adobe. Ho er no inne i sitt tjuande år som driftar av Vedholmen Galleri, noko ho gjer saman med ektemannen Peter Marron.

Ny i «stallen» er maler og grafikar, Rino Larsen.

Larsen si utstilling «Funky February» består av trykk i blandingsteknikkar, hovudsakleg i formatet 50x50 cm.

Tema i Larsen sine trykk er inspirert av livsglede, kjærleik, energi og undring.

Til opninga på laurdag kjem òg gitarist Morten André Larsen for å spela. Larsen er utdanna ved Griegakademiet i Bergen.

Utstillinga står til 3.mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.