Lokal | 19. nov. 2011

Grana på plass

Fredag om ei veke skal ho tennast. I går blei ho felt på ungdomsskulen.

Grana på plass
Andris Hamrelørdag 19. nov. 2011 07:04

Fredag 25. november blir det fakkeldag i Os sentrum med tenning av julegrana på torget. I går kom grana på plass.

- Det blir litt spennande å sjå om ho tålte fallet, men eg trur det har gått greit, sa Magnar Bjørnevik då grana som har stått ved innkøyringa til ungdomsskulen falt i bakken.

Etter litt frisering og kapping av eit par tre meter nederst var ho klar for å fraktast til torget. I løpet av eit par timar var grana på plass framfor Osøyro Libris klar for pynting og tenning.

Fakler og nisse

Tenninga må osingane venta med til fredag 25. november då Os sentrum inviterer til fakkeldag.

Kl 17.30 blir det fakkeltog frå Vindu mot fjorden til torget før grana tennast omlag klokka 18 med musikkinnslag og nissebesøk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.