Linda Andersen med bidraga frå i fjor. Onsdag om ei veke er det ny utstilling, konkurranse og, for første gong, musikkfyrverkeri. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Graskarfestival med ny type pyro

Innsamling, utstilling, plateslepp og fyrverkeri etter musikk står på plakaten inn mot halloween.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tradisjonen som starta for to år sidan held fram, Er-An Veikro lager graskarutstilling, og alt frå privatpersonar til barnehagar og skular er velkomne til å bidra til utstillinga.

I fjor auka det frå 10 til 15 bidrag, skumle, sjarmerande og avanserte halloween-lanterner.

– Eg tar imot graskar frå onsdag og fram til dagen før halloween, bidraga blir del av utstillinga etterkvart som dei kjem inn. Då kan det bli litt halloween-stemning allereie til helga, fortel Linda Andersen.

I takt: Plateslepp og pyro

Mens ho ventar på halloween, som er onsdag i neste veke, er det livemusikk på vegkroa. Laurdag har nemleg Mighty Magnolias, som fredag kom med sitt andre album, plateslepp for «Unknown Skyline» på Er-An.

– Dette er einaste releaseparty dei har på Vestlandet, vi er veldig glade for at dei kjem og speler hos oss.

På sjølve halloween blir det òg eit utvida show. Restauranten byr på eigen graskar-meny, utandørs skal det smella.

Pro Pyro frå Os, som har utvida repertoaret til òg å inkludera scenefyrverkeri, skal for første gong køyra fyrverkeri etter musikk på Røykenes onsdag.

• Les òg: Med Kygo som storkunde

– Akkurat dette er nytt for oss, og ikkje så mange som leverer. Vi har kjøpt inn meir utstyr, og fått ein avtale med grunneigar på motsett side av vatnet. Så skal vi stå utanfor restauranten og fyra i gang fyrverkeri over vatnet, etter musikk, fortel Ole Marius Røttingen frå Pro Pyro.

Det blir meir lys enn lyd, og fyrverkeriet skal passande nok gå i lufta i takt med Tim Burton-låten «This is Halloween».

– Dette med musikkfyrverkeri gler vi oss veldig til å prøva. Å sjå fyrverkeriet over vatnet kan bli magisk, og når vi no får inn styringssystemet, vil vi bruka det fleire gongar. Når vi kjem til Os hamn 1. nyttårsdag, kan musikkfyrverkeri vera ei fin oppvarming, gjerne etter ein låt som dei yngste har sansen for.

Fyrverkeriet blir etter prisutdeling til beste graskar i to kategoriar, der både kanopadling og gåvekort på restauranten er premie.

Fleire saker