Sport | 22. mars 2016

Gratis gøy heile påsken

Den nye leiinga på golfklubben inviterer til aktivitetar under tak.

Gratis gøy heile påsken
Driftsjef Per-Ove Bahus Lysvold og styreleiar Erik Just-Olsen byr på gratis golftrening under tak kvar dag i påsken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. mars 2016 08:18

Bildeserie:

På kvar simulator kan venegjengar på 4-5 spela til halv pris. (Foto: KVB)
På kvar simulator kan venegjengar på 4-5 spela til halv pris. (Foto: KVB)
Både kafé og nyinnreia proshop er open heile påsken. (Foto: KVB)
Både kafé og nyinnreia proshop er open heile påsken. (Foto: KVB)
1 av 2
På kvar simulator kan venegjengar på 4-5 spela til halv pris. (Foto: KVB)
Både kafé og nyinnreia proshop er open heile påsken. (Foto: KVB)

Erik Just-Olsen, som fylte 70 år for to dagar sidan, blei nyleg valt til styreformann i Bjørnefjorden Golfklubb.

Just-Olsen var dagleg leiar i den 22 år gamle klubben frå 1999 til 2011.

Les òg: Just-Olsen takkar av

Eivind Hodneland blei tilsett som ny sjef i januar 2012, men i november i fjor takka han ja til ny jobb.

Les òg: Ny sjef på golfbanen

Stillinga hans er no erstatta av ein driftsjef. Ein oppgradert greenkeeper, Per-Ove Bahus Lysvold, skal no ha den daglege drifta.

– Den tittelen passar meg bra. Sjølv om eg har erfaring frå både økonomi og sal trivst eg best i felten, seier den nye driftssjefen.

– Første gong eg var engasjert i klubben var i 2003. Då var det Just-Olsen som hyra meg inn. Det er litt artig at han som styreleiar blir sjefen min også no, seier Per-Ove og ler.

Full sving kvar dag

Per-Ove og Erik fortel om opsving for golf på landsbasis og positiv utvikling på medlemsfronten også i Os.

– På denne tida i fjor hadde vi slått graset to gongar. No er vi framleis på vintergreen, og skal køyra ei uformell proshopturnering 2. påskedag.

– Fram til då vil vi koma med nokre tilbod for å lokka gamle og nye til aktivitet på Hauge, seier dei to.

Golfklubben held ope kvar dag gjennom påsken og tilbyr både bruk av treningsområdet frå klokka 12 til 14 kvar dag. I tillegg er det halv pris på bruk av golfsimulator.

– Det er sikkert mange som saknar bowlingen på Os. Golfsimulator er eit alternativ, billigare og minst like kjekt og sosialt, synest Just-Olsen.

– Også utandørs, på driving rangen, kan du stå under tak og slå. Vi har utstyr som vi låner vekk og folk som kan vera med og visa, fortel styreleiaren.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.