Grått vêr laurdag - sol frå søndag
Temperaturen skal auka til 18 gradar over helga. Neste helg kan bli endå varmare.
Torsdag kveld fekk vi nokre timar med sol, fredag er det overskya og nedbør i Os igjen.
Men det er ikkje lenge til finvêret er tilbake.
Storm melder regn laurdag, Yr melder opphaldsvêr, men overskya. Temperaturen skal ligga på 14 gradar på det varmaste.
Men allereie søndag skal det letta. Frå lunsjtider er det meldt lettskya, 14 gradar og 1,4 m/s vindstyrke.
Skyfri himmel og 18 gradar
Storm melder ei regnbyge på formiddagen måndag, men Yr og Storm er einige om sol på ettermiddagen.
Tysdag er det venta skyfri himmel og 18 varmegradar!
Til onsdag er det meldt litt kaldare vêr. Storm spår dessutan nokre regnbyger midt på dagen.
Torsdag (Kristi himmelfartsdag) kan òg få noko nedbør, men fram mot neste helg er det venta sol og opp mot 20 gradar.
• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, Storm og Yr på same side, på Pent.no