Gratulerer med dagen!
Os er pynta og klar til fest!
Kjære lesar, tipsar, samarbeidspartnar og kunde - gratulerer med dagen!
Osøyro og krinsane er pynta og klar til fest, litt gråvêr eller ikkje.
Det er meldt regn frå 13 til 18 i dag. Sjå vêrmelding Os time for time på Yr.
Ta på deg det finaste du har, smilet ditt, og gled deg over den 198. feiringa av grunnlovsdagen!
På Kyrkjeflaten i Os blei det dekorert ekstra fint i går ettermiddag, med anthurium, eføy og gerbera rundt scenekanten der store delar av underhaldninga i sentrum vil skje.
– Vi blei leigd inn av kommunen for å pynta litt i fjor. Tilbakemeldingane var fine så no er vi tilbake, sa Marianne Holmefjord frå Os Blomsterservice.
Her finn du programmet for Os og krinsane.
Send oss bilde frå feiringa di!
Tar du nokre fine eller morosame bilde i dag, i Os, krinsane, på jobb eller på reise – og vil dela eit eller fleire bilde med Midtsiden-lesarane, kan du senda dei til andris@midtsiden.no eller på mms til 47906111.
Det er fint om du sender bilda i løpet av torsdag kveld, gjerne med ein kort tekst.
Ha ei strålande feiring!
Torsdag kveld kjem Midtsiden med bildeserie og video frå feiringa i Os.