Lokal | 17. mai 2018

Gratulerer med dagen, Os!

Her er dagens talarar - og programmet for Os og krinsane.

Gratulerer med dagen, Os!
President Jenny, politikarane Glenn Erik og Thorstein og prest Margrethe er blant dei som skal på talastolen i dag. (Alle foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. mai 2018 06:32

Vêret ser ut til å bli som meldt, lettskya, ikkje for varmt for bunad og med nok pust til at det blafrar litt i flagga.

Midtsiden sender direkte frå Finnebrekka og Kyrkjeflaten - følg oss frå klokka 12!

Dagens første innslag i programmet for Os var Os Musikkforening sine tonar spelt frå Lurane, over Finnebrekka, klokka 7 i dag tidleg. 17. maimarkeringa i Os held fram med gudsteneste klokka 10, hovedprosesjon frå Os ungdomsskule klokka 12 og arrangement på Kyrkjeflaten frå klokka 13.

Skulekrinsane Strøno, Søre Øyane og Søfteland har tog som startar på formiddagen, mens Nore Neset, Lunde, Lysekloster og Hegglandsdalen har tog med start i 14-tida.

Sjå heile programmet for Os og krinsane her

Fleire av skulekrinsane har elevar frå 7. trinn som hovudtalar for dagen.

Andre har vaksne talarar:
• Søfteland kl 11: Rune Eskeland.
• Lysekloster kl 13: Thorstein Skårnes.

I og rundt Os sentrum er det fleire som vil ha ordet:
• Os kyrkje kl 10: Gudsteneste ved sokneprest Margrethe Holmboe Askeland.
• Tropehagen på Luranetunet kl 10: Anders Hauge
• Minneparken kl 11: Glenn Erik Haugland
• Kyrkjeflaten etter kl 13: Anne Marie Aarøen Vangsnes
• Kyrkjeflaten etter kl 13: Russepresidentane Jenny Lundervik Sælen og Sukanya Sarasiri

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.