Sport | 08. mars 2015

– Gratulerer, Sverre!

Ordførar – og statsminister – gratulerer Sverre Lunde Pedersen med dagens VM-bronse.

– Gratulerer, Sverre!
Arkivfoto av supportarar tatt under VM i Vikingskipet i 2013. Kveldens Twitter-helsing frå Erna Solberg innfelt. (Foto: Andris Hamre/Twitter-skjermdump)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. mars 2015 21:58

Med to 2. plassar og to 4. plassar sikra osingen og Fana-løparen Sverre Lunde Pedersen seg i helga sin første VM-medalje.

Noreg tok to medaljar i VM allround i Calgary, Ida Njøten og Sverre reiser heim med kvar sin bronse.

Erna Solberg: – Utrolig gøy!

Blant dei første gratulasjonane på Twitter ei helsing frå Erna Solberg:

– Gratulerer @idanjatun og Sverre Lunde Pedersen med en imponerende tredjeplass i allround-VM. Utrolig gøy! skriv statsministeren.

– Må smaka godt

Ordførar Terje Søviknes fortel til Midtsiden at han sat klistra framfor TV-skjermen då Sverre gjekk den siste og avgjerande distansen.

– Eg var nok ikkje åleine. Det er mange osingar som er ekstra stolte i dag, seier Søviknes.

– Det er ein fantastisk prestasjon og noko mange unnar Sverre, som har jobba knallhardt og gjort det så bra så lenge, trass sin unge alder.

– Etter så mange 4. plassar må dette smaka fantastisk godt. Gratulerer!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.