Graving, dirigering og trefelling i Industrivegen og langs Hatvikvegen tysdag kveld. (Foto: KVB/lesarbilde)

Graving og trefelling

Kumlokket skal slutta å dansa i regnet, men kvifor blir trea rundt rådhuset felte?

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei siste vekene har det vore fleire dagar med store nedbørsmengder, og då har vatnet som vanleg fossa opp ein kum i Industrivegen.

Etter nedbøren midt i torevêret laurdag er det òg ei sprekk i asfalten på den kommunale vegen.

I kveld er det graving og dirigering i området.

– Vi skal laga eit overløp til vegvesenet sin kum, fortel avdelingsleiar Agnete Haugland frå teknisk eining i Os kommune.

Betre utsikt?

Samtidig er det trefelling framfor Os rådhus. Trea som blir felte er del av alleen frå Sparebanken Vest til Os terminal.

– Os sentrum får kritikk for å vera asfaltjungel, kvifor feller dei desse fine trea? Er det Søviknes som skal ha finare utsikt over fjorden til han kjem heim, spør ein lesar i delvis munter tone.

Andre Midtsiden har snakka med om vegetasjon den siste tida, meiner Osbygda gror igjen, og at blant anna buskane langs Hatvikvegen bør fjernast eller klippast så folk i Brugata ser fjorden.

Men Os kommune er ikkje involvert.

– Eg kjenner likevel til arbeidet. Det er Statens vegvesen som treng plass til ny belysning når dei no skal laga universell utforming av dei fornya fotgjengarovergangane over Hatvikvegen, fortel Haugland.

 

Fleire saker